Halsbandugle (Otus lettia) er ei mellomstor Otus-ugle og medlem av uglefamilien. Arten har vid utbreiing i Søraust-Asia og sørlege Kina, på øya Taiwan og vestover langs sørsida av Himalaya omtrent til Islamabad i Pakistan.

Skildring mini|venstre|Halsbandugle i Taiwan Halsbandugle er ei 23-25 cm lang ugle som finst i ei gråbrun og ei rustfarga form, men òg mellomformer finst. Karakteristisk er kombinasjonen av tett streka og marmorert fjørdrakt, tydeleg kvite eller beigefarga på augebryn og i nakken, tydelege øyretufsar og mørke auge. Nebbet er sotgult til hornfarga. Ho deler elles særdraga frå dei andre artane i komplekset: kamiugle (Otus semitorques), landsbyugle (Otus bakkamoena) og krageugle, (Otus lempiji). Jamført med landsbyugle i India, er ho kraftigare teikna både på under og oversida, med korte og brei strek i staden for tynne og lengre. Ho manglar òg landsbyugla sin mørke nebbspiss.

Revirlætet er ein rett mjukt, klårt og fallande «bouu», gjentatt cirka kvart tolvte sekund, jamført med landsbyugla sitt meir stakkato og stigande læte «whuk». Av og til kan ein høyre eit bestemt «kuuk-kuuk-kuuk» og eit tystlæta, klagande «weyoo».

Halsbandugler lever i skog av ulike slag, gjerne med innslag av Shorea robusta, men òg i hagar, lundar i dyrka område og plantasjar opptil 2200 moh. Ho lever hovudsakleg av insekt slik som biller og grashopper og små virveldyr inkludert småfuglar, flaggermus, gnagarar og froskar.

Fuglen hekkar mellom februar og april til mai, i Thailand moglesvis frå januar. Ho legg to til fem glansa egg i eit hòl i eit tre, to til fem meter over bakken, ofte i eit gammalt bo gjort av spettar eller skjeggfuglar.

Storleiken på populasjonen er rekna å vere stabil, men er ikkje estimert. Arten er rangert som livskraftig, LC, av IUCN.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kinesisk dvärguv» frå , den 16. november 2021.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Uglefamilien