Pia Dian Borgli () er ein norsk skodespelar.
Virke Borgli debuterte i 1980 og har i tida etter hovudsakleg vore tilknytt Oslo Nye Teater, der ho vart fast tilsett i 1988. Ho har òg vore tilsett ved Nationaltheatret i Oslo. Borgli har gjort seg merka i ulike roller både innan komedie og drama. I barneteater har ho mellom anna spelt Snøhvit og Ronja Røverdatter og dessutan Klatremus i Dyrene i Hakkebakkeskogen. Ho gjorde eit sterkt inntrykk som incestoffer i stykket Fuglepappa'n og som ein av samvitsfangane i Pål Løkkeberg si fjernsynsteateroppsetjing av Jorge Diaz sitt fengselsdrama Canto Libre i 1989
På film har ho kanskje gjort seg mest notert som opprørsk dotter og pønkar i den norske storfilmen Galskap! frå 1985. Pønkar var ho òg i fjernsynsteateroppsetjinga av Syx i 1988 (skrive av Brynjar Aa) der ho spelte mot Astrid Folstad. Ho medverka òg i filmen Femti-femti frå 1982, som også var debuten hennar som filmskodespelar. Ho har tillegg hatt roller i ei rekkje andre norske filmar, mellom dei, Tomme Tønner i 2011.
Borgli har òg gjort seg merka i Radioteatret, og har gitt stemme til ei rekkje teikneserie og animasjonsfigurar som Gurin i Solan, Ludvig og Gurin med reverompa, Blekkulf, Hugo i Jungeldyret Hugo, Kvitrebekk i Tornerose og mange fleire. Ho har òg lese inn lydbøkene Ronja Røverdatter og Sunaneng av Astrid Lindgren.
På TV har ho blant anna vore å sjå i julekalenderen Amalies jul (1995) som Nissungen, og dessutan ei gjesterolle i komiserien Pila Flyttebyrå frå 1987.
Familie Pia Borgli er tanta til skodespelaren Vanessa Borgli og syster av Petter J. Borgli.
Filmografi 1982 Fifty-Fifty .... Eva 1985 Galskap! .... Karin, Mariannes datter 1995 Hører du ikke hva jeg sier! .... Sara 1996 Maja Steinansikt .... Kjersti 1998 Solan, Ludvig og Gurin med reverompa (stemme) .... Gurin 2010 Tomme Tønner 2011 Tomme Tønner ....Fengselsvakt 1995 Tornerose (stemme) .... Kvitrebekk
TV
1987 Pilen flyttebyrå ... Mette 1988 Syx Marianne (Fjernsynsteateret) 1991 Radio 2-ten med Vazelina Bilopphøggers 1991-1998 Sesam Stasjon Blekkulf 1994 Brødrene Dal og legenden om Atlant-Is Pikestemme 1995 Amalies jul Nissungen (mini-serie) 1995 Asylet Beth 2002 Jul på Månetoppen Nissungen (mini-serie)
Dataspel 2001 Josefine i Gulrotparken Sofus (stemme, videospel)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pia Borgli» frå , den 17. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Skodespelarar frå 2000-talet