Gunnulf Kleveland () var ein norsk filolog og lektor.
Bakgrunn og karriere Gunnulf Kleveland var son av bonden Olav Nilsson Kleveland (1841–1934) og Gunhild Torgeirsdotter Åneland (1870–1962). Han tok examen artium i 1928 og vart cand. philol. frå Universitetet i Oslo med latin og tysk som sidefag og norsk hovudfag i 1936. Han arbeidde som lærar og lektor ved Sarpsborg kommunale høyere almenskole frå 1937 til 1951, med eit avbrot frå 1947 til 1949, då han var lektor i norsk ved Stockholms högskola og reiselektor for Foreningen Norden i Sverige. Frå 1951 var han lektor ved Drammen offentlige høyere almenskole.
Kleveland var oppteken av å ta vare på Setesdals-tradisjon. Han skreiv ned «Bryllupsmarsj» etter Knut Kleveland, ein folketone frå Evje. Bruresmarsjen er arrangert for orgel av Eilert Magnus Hægeland som òg framførte han på fleire konsertar. Folkemusikken i Setesdal kom i 2019 inn på SNs liste over immateriell kulturarv. Gjennom å skrive ned bruremarsjen frå Evje har Kleveland vore med på arbeidet med å tryggje denne immaterielle kulturarven. Kleveland har òg skrive ned minne om ferdsel langs landevegen i Evje på byrjinga av 1900-talet i teksta «Langs ein landeveg» i Jol i Setesdal 1974.
Kleveland gav ut eit par skolebøker for latinfaget i den vidaregåande skulen og omsette Plautus' Skrømtet (Mostellaria) til norsk (1982).
Kleveland var styremedlem i Studentmållaget i Oslo hausten 1935. Han var formann i Pedagogisk forening i Sarpsborg 1945–1947, og i 1952 vart han formann i Drammen lokallag av Foreningen Norden. Han var riddar av Filologisk Forening ved Universitetet i Oslos orden Den gylne ugle.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gunnulf Kleveland» frå , den 20. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Evje og Hornnes Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske pedagogar