Bar Refaeli () er ein israelsk supermodell, tv-vert, skodespelar og forretningskvinne. Ho var ein av fire programleiarar som leia Eurovision Song Contest frå Tel Aviv i mai 2019.
Modell- og TV-karriere Refaeli vert sett på som ein av dei mest suksessrike internasjonale modellane frå Israel, saman med blant andre Nina BroshVic likes to be anonymous Orit Merlin-Rosenzweig, 21.05.12 xnet og Michaela Bercu. Som eit resultat av ein vellukka modellkarriere og investeringar, har Refaeli opparbeidd seg ein nettoformue på 20 millionar dollar i 2015.How much is Bar Refaeli really worth? Yael Bir-Katz Publisert: 17.12.15, ynet Ifølgje Forbes Israel var Refaeli Israels best betalte modellen i 2013, føre andre israelske modellar som Esti Ginzburg, Gal Gadot og Shlomit Malka.
Refaeli var framsidemodell for symjedrakt-nummeret til Sports Illustrated i 2009, og ho vart røysta fram som nummer éin på lista over dei 100 heitaste modellane i magasinet Maxim i 2012. Sidan 2013 har Refaeli vore programleiar for X Factor Israel.
25. januar 2019 kunngjorde Israels offentlege kringkastingsselskap at Refaeli skulle vere programleiar for Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv saman med Lucy Ayoub, Erez Tal og Assi Azar. Tal og Refaeli var hovudvertar, medan Azar og Ayoub var vertar i green room.
Forretningskarriere Rafaeli har gjort ei rekkje investeringar i ulike israelske føretak og har òg etablert sine eigne føretak. Ho er aksjonær i fleire design- og moteselskap, blant dei designglas-produsenten Carolina Lemke.Castro in Talks to Buy 50% of Hoodies Apparel Chain for $52m, Haaretz, Adi Dovrat-Meseritz 21. juli 2016 I september 2018 vart det kjent at Kim Kardashian skulle fronte merket saman med Refaeli, og dei to skulle delta saman i ein reklamekampanje.Kim Kardashian Signs Deal to Be the Face of Israeli Brand Carolina Lemke Haaretz. 12. september 2018
I 2011 starta Refaeli og den tidlegare mannlege modellen Dudi Balsar opp eit netthandelsselskap kalla Under.me. Selskapet sel designundertøy, og Refaeli står òg bak forretningsutviklingen av selskapet. I november 2011 hadde selskapet samla 1 million dollar i risikokapital.Bar Refaeli's e-commerce lingerie company raises $1 million, The Jerusalem Post, Av BATYA FELDMAN 25. oktober 2011
Refaeli er ein av hovudinvestorane bak MyCheck, som handterer betalingar gjort via smarttelefonar.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Bar Refaeli» frå , den 23. november 2021.
Kategori:Israelske modellar Kategori:Israelske programleiarar Kategori:Israelske skodespelarar Kategori:Fotomodellar Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar