Gigliola Cinquetti () er ein italiensk songar, journalist og TV-personlegdom fødd i Verona.

Biografi

Sanremo Cinquetti vann Sanremo-festivalen som 16-åring i 1964. Sigeren i Sanremo-festivalen førte til at ho fekk representere Italia i Eurovision Song Contest same år, som ho òg vann, med songen «Non ho l'età». Songen var komponert av Nicola Salerno med tekst av Mario Panzeri.

Sigeren førte til internasjonal suksess. Ho kom til og med inn på topp 75-lista i Storbritannia, noko som er veldig uvanleg for ein italiensk artist. I 1966 spela ho inn «Dio, come ti amo», som vart ein annan verdshit.

Sensurert i heimlandet Cinquetti fekk igjen stort ry då ho deltok i Eurovision Song Contest 1974 for Italia. Ho framførte songen «Sì» med musikk og tekst av Mario Panzeri, Daniele Pace, Lorenzo Pilat og Carrado Conti. Cinquetti enda på andreplass etter ABBA og «Waterloo».

Ifølgje boka John Kennedy O'Connor, The Eurovision Song Contest – The Official History, vart framsyninga til Cinquetti i Eurovision Song Contest sensurert av den italienske kringkastaren RAI fordi ein var redd for at songen hennar skulle påverke folket til å røysta ja i ei folkeavrøysting som skulle arrangerast kort tid etter.O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest – The Official History. Carlton Books, UK. 2007 ISBN 978-1-84442-994-3 Songen vart verande sensurert av dei fleste italienske medium i omtrent ein månad etter tevlinga.

Den engelske versjonen av songen, «Go (Before You Break My Heart)», oppnådde åttandeplass på dei britiske listene i juni 1974.

Seinare karriere Ein av hennar andre songar, «Alle porte del sole» (utgjeven i 1973), vart spela inn på nytt på engelsk og italiensk av Al Martino to år etter opphavlege utgjevinga av songen, og oppnådde ein 17.-plass på Billboard-listene i USA.

Då Italia arrangerte Eurovision Song Contest i 1991 var Ciquetti programleiar saman med vinnaren i 1990, Toto Cutugno. I 1990-åra vart ho ein anerkjend journalist og programleiar på TV.

Sanremo-festivalen Ved følgjande høve har Cinquetti delteke på Sanremo-festivalen:

1964 «Non ho l'età (Per amarti)» – saman med Patricia Carli 1965 «Ho bisogno di vederti» – saman med Connie Francis 1966 «Dio come ti amo» – saman med Domenico Modugno 1968 «Sera» – saman med Giuliana Valci 1969 «La pioggia» – saman med France Gall 1970 «Romantico blues» – saman med Bobby Solo 1971 «Rose nel buio» – saman med Ray Conniff 1972 «Gira l'amore (Caro bebè)» 1973 «Mistero» 1985 «Chiamalo amore» 1989 «Ciao» 1995 «Giovane vecchio cuore»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gigliola Cinquetti» frå , den 24. november 2021.

Kategori:Folk frå Verona Kategori:Italienske songarar Kategori:Italienske skodespelarar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-vinnarar Kategori:Eurovision Song Contest 1964-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1974-deltakarar