Shirley Isabelle Theresa Bernadette Bottolfsen () var ein norsk-irsk eldsjel og velgjerar, fødd i Irland og busett i Bodø. Ho samla inn pengar og andre nødvendigheiter i fleire tiår, i fyrste rekkje til trengande i byen. Bottolfsen var svært kjend i lokalmiljøet, og veldig synleg i bybiletet i Bodø, mykje på grunn av den fargerike joggedressen sin, som er dekka av sponsormerke frå bedriftene i byen. I tida før jul stod Bottolfsen tradisjonelt for innsamling av gåver og mat til einsame og trengande i byen, i von om at desse òg kunne gleda seg i høgtida.

Familieliv Shirley Bottolfsen var fødd i County Tipperary i Irland, og kom frå ein katolsk familie. Ho var ein av fem sysken og vaks opp i Irland og England. Bottolfsen flytta til Noreg i 1956, som 21-åring, etter at ho gifta seg med styrmannen Ivar John Larsen, som opphavleg var frå Godøy utanfor Bodø. Larsen omkom i samband med ei fallulykke på eit bulkskip i Rotterdam i desember 1969, og Shirley vart åleine med to barn. I 1983 gifta ho seg på nytt, denne gongen med tannlækjaren Per Bottolfsen. Bottolfsen budde i det same huset i Bodø frå 1977. Per Bottolfsen døydde i 2012, og året etter valde ei gruppe friviljuge i byen å pusse opp huset hennar, som takk for den langvarige innsatsen hennar for dei trengande i byen.

Hjelpearbeid Bottolfsen jobba for Frelsesarmeen og Bodø kommune, i tillegg til at ho altså forvalta eigne innsamlingsaksjonar. Ho samla inn pengar, primært ved å ta oppstilling med ei bøsse i Glasshuset i Bodø. Ho heldt òg eit eige sommarlotteri. I 2005 hadde ho samla inn til saman 7 millionar kroner. Ho var òg ein viktig velgjerar for utanbys mottakarar, bl. a. ein barneheim i Litauen. Bottolfsen samla òg inn fleire hundre tusen kroner til trengande og eldre i Porsanger; noko ho vart heidra av kommunen for i 2009. Pengane gjekk bl. a. til innkjøp av eit nytt kaffiservise for 70 personar og dukar til Porsanger Helsetun. Ho samla inn og leverte mat til dei trengande i Bodø seks dagar i veka, og gav julegåver til dei fattige i byen kvar jul. I 2004 skaffa Bottolfsen trygdalarmar til dei eldre i Bodø, og protesterte mot eigenandelen til kommunen på innkjøp av slik alarm. I 2012 samla Bottolfsen inn pengar til ei gruppe sigøynarar for at dei skulle kunna reisa heim til Romania, men følte at dei misbrukte tillita hennar då dei reiste til Oslo i staden.

Prisa og utmerkingar Bottolfsen mottok Kongens fortenstemedalje i sølv i 2005 for det frivillige humanitære arbeidet sitt. Det same året laga TV 2 ein dokumentar om ho, kalla Julenissen kommer fra Irland. I 2014 mottok Bottolfsen ein internasjonal pris frå organisasjonen Lions Club; lokallagsleiaren i Bodø hadde då jobba for at Bottolfsen skulle få denne prisen i over 20 år. Ho mottok John I. Alvheims ærespris i 2014. Bottolfsen vart kåra til «Årets ålreite dame» i desember 2015, og mottok dimed Harry Hole-prisen på 1 million kroner som går til eit velgjerande formål.NRK Nordland 2. desember 2015, Shirley (81) er årets ålreite dame. Besøkt 9. desember 2015.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shirley Bottolfsen» frå , den 26. november 2021.

Kategori:Folk frå Bodø Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv Kategori:Bodø kommune Kategori:Irar Kategori:Norske velgjerarar