Spania debuterte i Eurovision Song Contest i 1961 og deltok i 2021 for 60. gong. Spania er ein av «dei fem store» – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifiserte til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga. Sidan debuten i 1961 har Spania delteke kvart einaste år. Berre Storbritannia har delteke lenger samanhengande, sidan 1959.

Spania har vunne Eurovision Song Contest to gongar, i 1968 og 1969. Av alle deltakarlanda som har vunne Eurovision Song Contest, er Spania per 2021 det landet som har hatt den lengste sigerstørka i historia til tevlinga, med 52 år utan ein siger. Frå 2015 har Spania vore blant dei fem lågaste plasserte landa på resultatlista, inkludert ein sisteplass i 2017.

Historikk Det er den spanske ålmennkringkastaren Radiotelevisión Española (RTVE) som har ansvaret for å velje det spanske bidraget til Eurovision Song Contest. Spania debuterte i Cannes i 1961, med Conchita Bautista. Etter fem år med dårlege resultat, inkludert to sisteplassar, innleia Spania ein gullalder i 1966. Dei neste ti åra enda Spania på topp ti kvart einaste år, inkludert to sigrar og to andreplassar.

Sigrane kom to år på rad, fyrst i 1968 då Massiel og «La, la, la» slo det britiske bidraget «Congratulations» med eitt einaste poeng. På heimebane året etter vann Spania igjen med Salomé og «Vivo cantando». Men sigeren måtte dei dele med tre andre land, Storbritannia, Nederland og Frankrike, sidan det ikkje var nokon regel som hindra at fleire land kunne dele sigeren.

Opp og ned miniatyr|Julio Iglesias deltok for Spania i 1970. Etter 1976 har resultata til Spania svinga kraftig. Landet var svært nær ved å vinne i 1979, men den spanske juryen «gav frå seg» sigeren då dei gav ti poeng til sin argaste konkurrent, Israel. I 1995 kom Spania nok ein gong på andreplass, berre slått av Noreg og Secret Garden.

Sidan 1995 har resultata til Spania vore relativt skuffande. To sjetteplassar er dei beste plasseringane til Spania, og sidan 2005 har Spania berre klart to tiandeplassar som beste plassering. Sidan debuten har Spania komme sist fem gongar, seinast i 2017. Særleg skuffande har resultata vore frå 2015, der Spania har vore blant dei seks dårlegaste i finalen kvart år. I 2017 fekk ikkje Spania eit einaste poeng i juryavrøystinga, og i 2021 fekk ikkje Spania eit einaste poeng i telefonavrøystinga.

Dei fem store I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) ei ordning som sikra at dei fire største økonomiske bidragsytarane fekk automatisk innpass i Eurovision-finalen. Gruppa vart kalla «dei fire store», og Spania utgjer gruppa saman med Tyskland, Storbritannia og Frankrike. I 2011 kom Italia tilbake i tevlinga, og «dei fire store» vart utvida til «dei fem store». Spania har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.

Populære finalar RTVE har ofte halde ein nasjonal finale, tilsvarande norske Melodi Grand Prix, for å velje det spanske bidraget til Eurovision Song Contest. I perioden 1977-1997 valde kringkastaren song og artist internt, men i 2000 var dei nasjonale tevlingane tilbake igjen. I 2002 brukte RTVE den populære talenttevlinga Operación Triunfo til å velje det spanske bidraget, noko som førte til eit kraftig oppsving i populariteten til tevlinga. Den internasjonale finalen same år vart sett av over 14 millionar spanjolar, det høgaste sjåartalet etter at Spania fekk moderne sjåarmålingar tidleg på 1990-talet. Fyrst under finalen i Fotball-EM i 2008 vart rekorden slått.

Bidrag som vart forstyrra miniatyr|Daniel Diges under ei av prøvene i Oslo i 2010. Tre gongar opp gjennom Eurovision-historia har eit ikkje-vinnande bidrag fått framføre på nytt, og to av desse bidraga var spanske. Det fyrste var i 1990, då duoen Azúcar Moreno skulle opne showet i Zagreb. Songen «Bandido» vart framført som ein kombinasjon av ferdiginnspelt musikk og akkompagnert av eit orkester på direkten. Då bandet vart sett på, kom ikkje orkesteret i gong då det skulle, og Azúcar Moreno gjekk frustrerte av scena. På andre forsøk gjekk alt som det skulle, og det spanske bidraget enda på ein femteplass.

20 år seinare, i Bærum i 2010, vart det spanske bidraget nok ein gong forstyrra, då den berykta scenestormaren Jimmy Jump klarte å ta seg opp på scena under framføringa av «Algo pequeñito». Spania fekk framføre på nytt etter at resten av landa hadde sunge.

I 1964 var Spania også involvert i ei scenestorming, då ein mann klarte å ta seg opp på scena med ein plakat som protesterte mot den portugisiske diktatoren Salazar og den spanske diktatoren Franco. Men hendinga påverka ikkje framføringa av det spanske bidraget, sidan den skjedde i pausen mellom det sveitsiske og belgiske bidraget.

Deltakarar År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Plass Poeng Plass Poeng 1961 «Estando contigo» Spansk 9 8 colspan="2" rowspan="32" 1962 «Llámame» Spansk 13 0 1963 «Algo prodigioso» Spansk 12 2 1964 «Caracola» Spansk 12 1 1965 «Qué bueno, qué bueno» Spansk 15 0 1966 «Yo soy aquél» Spansk 7 9 1967 «Hablemos del amor» Spansk 6 9 1968 Massiel «La, la, la» Spansk 1 29 1969 Salomé «Vivo cantando» Spansk 1 18 1970 Julio Iglesias «Gwendolyne» Spansk 4 8 1971 «En un mundo nuevo» Spansk 2 116 1972 «Amanece» Spansk 10 83 1973 Mocedades «Eres tú» Spansk 2 125 1974 «Canta y sé feliz» Spansk 9 10 1975 «Tú volverás» Spansk 10 53 1976 «Sobran las palabras» Spansk 16 11 1977 «Enséñame a cantar» Spansk 9 52 1978 «Bailemos un vals» Spansk og fransk 9 65 1979 «Su canción» Spansk 2 116 1980 «Quédate esta noche» Spansk 12 38 1981 «Y sólo tú» Spansk 14 38 1982 «Él» Spansk 10 52 1983 «¿Quién maneja mi barca?» Spansk 19 0 1984 «Lady, Lady» Spansk 3 106 1985 «La fiesta terminó» Spansk 14 36 1986 «Valentino» Spansk 10 51 1987 «No estás solo» Spansk 19 10 1988 «La chica que yo quiero» Spansk 11 58 1989 «Nacida para amar» Spansk 6 88 1990 Azúcar Moreno «Bandido» Spansk 5 96 1991 «Bailar pegados» Spansk 4 119 1992 «Todo esto es la música» Spansk 14 37 1993 «Hombres» Spansk 11 58 colspan="2" data-sort-value="-9999" 1994 «Ella no es ella» Spansk 18 17 rowspan="2" colspan="2" 1995 «Vuelve conmigo» Spansk 2 119 1996 «¡Ay, qué deseo!» Spansk 20 17 14 43 1997 Marcos Llunas «Sin rencor» Spansk 6 96 colspan="2" rowspan="7" 1998 «¿Qué voy a hacer sin ti?» Spansk 16 21 1999 «No quiero escuchar» Spansk 23 1 2000 «Colgado de un sueño» Spansk 18 18 2001 «Dile que la quiero» Spansk 6 76 2002 «Europe's Living a Celebration» Spansk 7 81 2003 «Dime» Spansk 8 81 2004 «Para llenarme de ti» Spansk 10 87 colspan="2" rowspan="16" data-sort-value="9999" 2005 «Brujería» Spansk 21 28 2006 Las Ketchup «Un Blodymary» Spansk 21 18 2007 «I Love You Mi Vida» Spansk og engelsk 20 43 2008 «Baila el Chiki-chiki» Spansk og engelsk 16 55 2009 «La noche es para mí» Spansk og engelsk 24 23 2010 Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk 15 68 2011 «Que me quiten lo bailao» Spansk 23 50 2012 «Quédate conmigo» Spansk 10 97 2013 El Sueño de Morfeo «Contigo hasta el final» Spansk 25 8 2014 «Dancing in the Rain» Spansk og engelsk 10 74 2015 «Amanecer» Spansk 21 15 2016 «Say Yay!» Engelsk 22 77 2017 «Do It for Your Lover» Spansk og engelsk265 2018 og «Tu canción» Spansk2361 2019Miki«La venda» Spansk2254 Blas Cantó«Universo» Spansk colspan="4" 2021Blas Cantó«Voy a quedarme» Spansk246 rowspan="5" colspan="2" data-sort-value="9999" 2022Chanel Terrero«SloMo» Spansk og engelsk3459 2023Blanca Paloma«Eaea» Spansk17100 2024Nebulossa«Zorra» Spansk2230 2025Melody«Esa diva» Spansk2437

Galleri

Røystehistorikk

+ Spania har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 242 02 237 03 184 04 172 05 155

+ Spania har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 221 02 182 03 174 04 147 05 141

Eurovision Song Contest i Spania ÅrStadArenaProgramleiarar1969 MadridTeatro Real

Sjå òg Spania i Junior Eurovision Song Contest

Referansar

Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Spania i Eurovision Song Contest» frå , den 1. desember 2021.

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Spania i Eurovision Song Contest

Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Eurovision Song Contest Kategori:Spansk musikk