Antonio Diodato (), kjend som Diodato, er ein italiensk songar og låtskrivar. Han vann San Remo-festivalen 2020 med songen «Fai rumore» og skulle ha representert Italia i Eurovision Song Contest same år, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.
Bakgrunn Diodato er fødd i Aosta, heilt nordvest i Italia mot grensene til Sveits og Frankrike. Han vaks derimot opp i Taranto i Puglia, heilt søraust i landet. Han byrja med song og musikk allereie som barn og byrja etter kvart å skrive eigne låtar.
Diodato har late seg inspirere av artistar som Pink Floyd, Fabrizio De André, Luigi Tenco, Domenico Modugno og Radiohead. Etter å ha budd i Roma nokre år, deltok han på låtskrivarleir i Stockholm, der han blant anna jobba med dei svenske DJ-ane Sebastian Ingrosso og Steve Angello frå Swedish House Mafia. Tilbake i Italia vart han uteksaminert innan film, tv og nye medium ved Università degli Studi Roma Tre.
I 2007 gav Diodato ut ein eigenprodusert EP, og i 2010 spela han inn singelen «Ancora un brivido». Han fekk platekontrakt, og i 2013 gav han ut debutalbumet E forse sono pazzo, som fekk gode kritikkar av italiensk presse.
I desember 2013 deltok Diodato i nykommartevlinga føre San Remo-festivalen 2014, og han kvalifiserte seg til tevlinga i 2014. Der enda han på andreplass.
I juni 2014 vann Diodato MTV Italia Award i kategorien «Best New Generation» og opptredde under prisutdelinga. 27. oktober 2014 vart det andre albumet hans, A ritrovar bellezza, gjeve ut. Sidan har han gjeve ut fleire album og singelar, blant andre «Mi si scioglie la bocca». Låten var hovudsporet på hans tredje album, Cosa siamo diventati, som vart utgjeve 27. januar 2017 på Carosello Records.
I 2018 deltok Diodato på nytt i San Remo-festivalen med songen «Oren», saman med med trompetisten Roy Paci. Låten enda på åttandeplass. I 2019 debuterte han som skodespelar i filmen Un'avventura (Eit eventyr).
I 2020 deltok Diodato i San Remo-festivalen for tredje gong, denne gongen med songen «Fai rumore» ('lag støy'). Han vann festivalen, og gjennom sigeren fekk han òg moglegheita til å representere Italia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19. Italia vart sjølv hardt råka av pandemien, og heile Italia vart sendt i karantene i midten av mars. Diodatos «Fai rumore» var ein av songane som italienarane song frå balkongane sine for å halde motet oppe under karantenen.
Diskografi
Studioalbum
2013 – E forse sono pazzo 2014 – A ritrovar bellezza 2017 – Cosa siamo diventati 2020 – Che vita meravigliosa
Singlar
2013 – «Ubriaco» 2014 – «Babilonia» 2014 – «Se solo avessi un altro» 2014 – «Eternità» 2015 – «Piove» 2017 – «Mi si scioglie la bocca» 2018 – «Adesso» (med Roy Paci) 2018 – «Essere semplice» 2019 – «Il commerciante» 2019 – «Non ti amo più» 2019 – «Che vita meravigliosa» 2020 – «Fai rumore»
Filmografi
Un'avventura, regissert av Marco Danieli (2019)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Diodato» frå , den 4. desember 2021.
Kategori:Italienske songarar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-vinnarar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-låtskrivarar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-artistar