Vincent Bueno () er ein austerriksk songar med filippinsk bakgrunn. Han vart nasjonalt kjend i januar 2008, då han vann talenttevlinga Musical! Die Show i regi av den austerrikske kringkastaren ORF.www.pep.ph/guide, Filipino singer Vincent-Bueno sweeps Europe off its feet in Musical! Bueno har òg hatt fleire show og konsertar på Filippinane, og har vore oppvarmingsartist for den filippinske songaren Sarah Geronimo.www.youtube.com, Vincent Bueno sings @ Sarah Geronimo's concert in Vienna Sidan har han etablert seg som artist på Filippinane, og har platekontrakt gjennom Star Records, eit underhaldningsselskap under ABS-CBN. Bueno skulle ha representert Austerrike i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Alive», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. Han representerte Austerrike i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Amen».

Bakgrunn Bueno starta å danse som fireåring og var tidleg i gang med musikk.www.youtube.com, Vincent Bueno Faren var ein tidlegare songar og gitarist i eit lokalt musikkband i 1970-åra. Bueno laga eigne songar og tok kurs innan drama, dans og song og studerte musikk og utøvande kunst ved Wiens private musikk- og kunstuniversitet.

I 2008 vann Bueno den TV-sende talenttevlinga Musical! Die Show på den austerrikske kringkastingskanalen ORF. Sigeren gjorde han kjend i Austerrike, og sidan har han dukka opp i ulike musikk- og teateroppsetjingar. I 2009 deltok han i ORF-programmet Dancing Stars, den austerrikske versjonen av Skal vi danse. I 2016 deltok han òg i den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest med songen «All We Need Is That Love».

I kjølvatnet av artistkarrieren i Austerrike, lanserte han òg ein karriere på Filippinane, blant anna som deltakar i musikkshowet ASAP XV i 2010 og med platekontrakt med selskapet Star Records.

I 2019 valde kringkastaren ORF Bueno til Austerrike sin representant til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam. Han skulle ha delteke med songen «Alive», men på grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest. Dette vart gjort for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19 i Europa. 29. mars kunngjorde den austerrikske kringskastaren ORF at Bueno i staden fekk representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Amen». Han vart slått ut i den andre semifinalen torsdag 20. mai i Rotterdam Ahoy.

Bueno snakkar tysk, engelsk og tagalog flytande.

Diskografi

Studioalbum

2008: Step by Step 2016: Wieder leben 2018: Invincible 2020: On the Run

Singlar

2009: «Sex appeal» 2011: «Party Hard» 2016: «Bida Best Sa Tag-Araw» (med Angeline Quinto) 2016: «All We Need Is That Love» 2020: «Alive» 2020: «Walking on Water» 2020: «Instant Dose» 2021: «Amen»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vincent Bueno» frå , den 6. desember 2021.

Kategori:Austerrikske songarar Kategori:Folk frå Wien Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar