«All of My Love» (norsk 'all min kjærleik') er ein gospelinspirert popsong frå 2020 med den maltesiske artisten Destiny Chukunyere. Songen vart vald av kringkastaren PBS til det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 9. mars 2020. Songaren Destiny Chukunyere vart vald til å representere Malta etter at ho vann den andre sesongen av talentkonkurransen X Factor Malta. Songen «All of My Love» vart vald etter X Factor Malta. 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020, og songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Om songen «All of My Love» er skriven av låtskrivarteamet Bernarda Brunovic, Borislav Milanov, Sebastian Arman, Dag Lundberg, Joacim Persson og Cesár Sampson. Sistnemnde deltok for Austerrike i 2018 og enda på ein tredjeplass, medan Borislav Milanov og Joacim Persson òg skreiv det maltesiske bidraget «Chameleon» i 2019. Milanov står òg bak fleire andre Eurovision-bidrag, òg i 2020: Tysklands «Violent Thing» og Bulgarias «Tears Getting Sober».
Songen skulle ha representert Malta i Eurovision Song Contest 2020, etter at Destiny Chukunyere vann X Factor Malta i februar 2020. Vinnaren av X Factor Malta vart Maltas representant i Eurovision Song Contest. Songen vart vald éin månad etter. I januar 2020 vart Malta trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19. Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «All of My Love» frå , den 8. desember 2021.
Kategori:Maltesiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar