«Love Is on My Side» (norsk 'kjærleiken er på mi side') er ein popballade frå 2021 som vert framført av det portugisiske bandet The Black Mamba. Songen er komponert av Pedro Tatanka Caldeira og vann Festival da Canção 2021. Som vinnar av festivalen fekk «Love Is on My Side» representere Portugal i Eurovision Song Contest 2021. Der enda songen på tolvteplass.

Eurovision Song Contest «Love Is on My Side» var det portugisiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021, etter at The Black Mamba fekk flest telefonrøyster i den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2021 laurdag 6. mars 2021. Tevlinga er Portugal sitt svar på Melodi Grand Prix, og vinnaren får representere landet i Eurovision Song Contest.

Portugal vart trekt til å delta i den andre semifinalen som vart arrangert torsdag 20. mai 2021 i Rotterdam Ahoy i Nederland. Der kom songen på fjerdeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. Dette var fyrste gongen Portugal deltok med ein låt som berre hadde engelsk tekst. I finalen enda songen på tolvteplass med 153 poeng.

Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringLitauen (AGATA)46Nederland (Single Top 100)70Portugal (AFP)44Storbritannia (UK Download)55

Utgjevingshistorikk RegionDatoFormatMerkeRef.Diverse7. mars 2021Digital nedlasting, strøymingThe Black Mamba

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love Is on My Side» frå , den 13. desember 2021.

Kategori:Portugisiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar