George Soros, opphavleg namn György Schwartz () er ein amerikansk finansmann og filantrop. Han stifta Quantum-fonda saman med Jim Rogers i 1969. Han vaks opp i Ungarn, og overlevde krigen trass sitt jødiske opphav. Soros utvandra til London i 1953, og vidare til New York i 1956.

Soros vart kjend innafor finansverda då han medan valutauroa stod på i 1992 tente ein milliard amerikanske dollar på å ta posisjonar der han tente pengar dersom pundet vart svekka.

Seinare vart han kjend for si rolle i roserevolusjonen i Georgia. Han gav store summar til demokratane sine kandidatar før presidentvalet i USA i 2004 for å hindre at George W. Bush vart vald inn att. Soros driv stiftinga Soros Foundation, som mellom anna finansierer Open Society Institute. Soros starta sitt filantropiske arbeid i Aust-Europa midt på 1980-talet, for å støtte sivilsamfunnet mot det kommunistiske regimet. Soros har skrive fleire bøker, mellom anna Alchemy of Finance og The New Paradigm for Financial Markets. Begge bøkene drøftar vitskapsfilosofi. Soros hevdar at dei naturvitskaplege metodane som matematikk og statistikk kjem til kort i samfunnsfaga, som vert prega av at observatørane og er aktørar. Evna til å observere klårt blir dermed dårlegare. Denne tendensen er særleg sterk innan finansverda, der prisane på finansaktivum vert påverka av korleis dei vert oppfatta av marknadsaktørane. Samstundes vert oppfatninga påverka av prisane. Denne mekanismen kallar Soros refleksivitet.

Formuen hans vart i 2008 av Forbes rekna til å vere på meir enn 45 milliardar kroner.Aftenposten. fakta. 8. september 2008. George Soros. Side 12.

Soros har stødd opp om antikorrupsjonsarbeid og har vore talsmann for å opne grenser for flyktningar, mellom anna i fødelandet Ungarn. I 2017-2018 dreiv Viktor Orban, Ungarn sin statsminister, ein omfattande kampanje mot Soros. Kampanjen brukte mellom anna ei rekke plakatar med slagord mot Soros og vert skildra som antisemittisk. Ifølge New York Times skal bilda av Soros brukt i kampanjen ha vorte manipulert slik at nasen verka lengre enn reelt. Soros betalte for den unge, liberale Orban si utdanning ved Oxford i 1989 og støtta Orban si regjering økonomisk for å rydde opp i ureining i landet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «George Soros» frå , den 16. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Investorar Kategori:USA-amerikanske forretningsfolk Kategori:USA-amerikanske velgjerarar Kategori:Folk frå Budapest