«Better Love» (norsk 'betre kjærleik') er ein song som vert framført av den kanadisk-greske songaren Katerine Duska. Songen vart utgjeven 6. mars 2019 og var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.
Om songen mini|Katerine Duska framfører «Better Love» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019. «Better Love» er skriven av Duska, den greske songaren og låtskrivaren Leon of Athens og den skotske songaren og låtskrivaren David Sneddon. Songen vart vald av den greske kringkastaren ERT til å representer Hellas i Eurovision Song Contest i 2019. ERT skildra låten som ein song om høgare, uforbeholden og tilgjevande kjærleik. Duska sjølv har forklart at «Better Love» er ein slags invitasjon eller omfamning som skal hjelpe lyttaren til å forstå kjærleiken og kva kjærleiken eigentleg tyder.
I Eurovision Song Contest Duska vart kunngjord som den greske representanten 14. februar 2019, medan songtittelen vart offentleggjord to dagar etter. Songen vart framført offentleg for fyrste gong 6. mars 2019 på den greske kringkastaren ERT.
Eurovision Song Contest 2019 fann stad i Expo Tel Aviv og bestod av to semifinalar 14. og 16. mai, og ein finale laurdag 18. mai. «Better Love» vart trekt ut til å delta i den andre semifinalen og fekk startnummer 16; det nest siste bidraget ut på scena. Songen vart blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai. I finalen vart «Better Love» nummer 21 av 26 deltakarar.
Listeplasseringar Liste (2019)Høgasteplassering (Airplay Chart)18 (Digital Singles Chart)4 (AGATA)83
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Better Love» frå , den 23. desember 2021.
Kategori:Greske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar