Sofija Asgatovna Gubajdulina () var ein russisk tatarisk komponist busett i Tyskland.

Liv

Gubajdulina var fødd i 1931 i Tsjistopol i Den tatariske autonome sovjetrepublikken. Ho studerte komposisjon og klaver ved konservatoriet i Kazan og heldt fram etter samansluttinga i 1954 studia ved Moskvas konservatorium fram til 1963. Under desse studia blei musikken hennar kritisert som «pliktforsømming», men Dmitrij Sjostakovitsj oppmuntra henne til å halda fram med slike «avvik».Sofia Gubaidulina: Johannespassion . theomniscientmussel.com. Besøkt 28 juli 2009.

På midten av 1970-åra grunnla ho saman med komponisten Viktor Suslin og Vjatjeslav Artjomov ensemblet Astreja, som improviserte på instrument brukt i russisk folkemusikk.

Gidon Kremer hjelpte Gubajdulina til suksess i Vesten ved å uroppføra fiolinkonserten hennar Offertorium i 1981. Saman med Alfred Schnittke og Edison Denisov høyrde ho til dei førande russiske komponistane i tida etter Sjostakovitsj. Ho var medlem av Berlin kunstakademi, det frie kunstakademiet i Hamburg og Kungliga Musikaliska Akademien i Stockholm.

Frå 1992 budde Sofija Gubajdulina i Appen i Kreis Pinneberg utanfor Hamburg.

Musikk Verka til Gubajdulina var inspirerte av alle former for rituell musikk, men først og fremst kristen og orientalsk mystikk. Komposisjonane er ofte i spenningsfeltet mellom «notert» improvisasjon og seriell musikk. Tre av kjenneteikna til musikken er massive tonekluster, kraftige aksentar, og dessutan raske og akselererande vekslinger i halvtone-intervall.

Ofte brukte ho uvanlege instrumentsamansetjingar. I In Erwartung kombinerte ho perkusjonsinstrument (blant anna bongotrommer, guiro, temple blocks, cymbalar, tam-tam-trommer og bajan) og saksofonkvartett. Ho skreiv stykke for for vestlege orkester, japanske kotoar med 17 strengar og kotoar med 13 strengar og for zhengar.

Verk i utval

Strykekvartett nr. 1 (1971) Detto II for cello og tretten instrument (1972) Konsert for fagott og djupe strykarar (1975) Duosonate for to fagottar (1977) Dei Profundis for bajan solo (1978) Introitus for klaver og orkester (1978) In croce for bajan og cello (1979) Garten von Freuden und Traurigkeiten for fløyte, bratsj og harpe (1980) Offertorium fiolinkonsert (uroppført 1981) Freuet euch! sonate for fiolin og cello (1981) Silenzio fem stykke for bajan, fiolin og cello (1981) Sieben Worte Jesu am Kreuz for cello, bajan og strykarar (1982) Quasi hoquetus for bratsj, fagott og klaver (1984/85) Et Exspecto. Sonate for bajan solo (1985) Sinfonie Stimmen ... verstummen ... (1986) Hommage à T.S. Eliot for oktett og sopran (1987) Strykekvartett nr. 2 (1987) Strykekvartett nr. 3 (1987) Stryketrio (1988) Symfonien Alleluja (1990) Silenzio. Fem stykke for bajan, fiolin og cello (1991) Jetzt immer Schnee. Fem stykke for talar, kammerensemble og kammerkor etter tekster av Gennadi Aigi (1993) Strykekvartett nr. 4 (1993) Musikk for fløyte, strykarar og slagverk (1994) Konsert for bratsj og orkester (1997) Der Sonnengesang for cello, kor, slagverk og celesta (1997) (uroppføring med Mstislav Rostropovitsj 1998) Johannespasjon (2000 på russisk) Im Zeichen des Skorpions. Variasjonar over seks heksakordar for bajan og orkester (2003) In tempus praesens 2. fiolinkonsert (Uroppført 2007) Am Randa des Abgrunds for sju celloar og to waterphones

Prisar og utmerkingar

1998: Praemium Imperiale 1999: Pour le mérite für Wissenschaft und Künste; Léonie Sonnings musikkpris 2001: Goethemedaljen 2002: Polarprisen 2002: Forbundsrepublikken Tysklands fortenstorden 2007: Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg 2009: Großes Verdienstkreuz mit Stern des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sofija Gubajdulina» frå , den 27. desember 2021.

Kategori:Fortenestordenen til forbundsrepublikken Tyskland Kategori:Pour le Mérite Kategori:Russiske komponistar Kategori:Komponistar frå 1900-talet Kategori:Komponistar frå 2000-talet