D mol, òg skrive D-moll, er eit montenegrinsk vokalensemble, beståande av Tamara Vujačić, Mirela Ljumić, Ivana Obradović, Rizo Feratović, Željko Vukčević og Emela Franca. Gruppa vart kjend i Montenegro i februar 2019, då ho vann den nasjonale songtevlinga Montevizija med songen «Heaven». Gruppa representerte Montenegro i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.
Bakgrunn D-moll vart sett saman i 2018 av musikaren Daniejl Alibabić. Han representerte Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest 2005 som del av gruppa No Name.
18. desember 2018 kunngjorde kringkastaren RTCG at D-Moll var ein av deltakarane til Montevizija 2019, det montenegrinske uttakinga til Eurovision Song Contest. Gruppa framførte bidraget «Heaven», opphavleg kalla «Ti», i finalen laurdag 9. februar 2019. Der vann ho superfinalen med 68 prosent av telefonrøystene, og fekk dimed representere Montenegro i Eurovision Song Contest i Israel i mai. Gruppa enda på 16. plass i den fyrste semfinalen tysdag 14. mai og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «D mol» frå , den 29. desember 2021.
Kategori:Montenegrinske songarar Kategori:Montenegrinske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar