«Nocturne» er ein norsk song som vann Melodi Grand Prix 1995 og deretter Eurovision Song Contest same år. Songen er nesten heilt instrumental og har ei kort tekst på berre 24 ord. Melodien vart komponert av Rolf Løvland, medan Petter Skavlan skreiv teksta. Songen vart framført av duoen Secret Garden og fekk ein viss kommersiell suksess etter sigeren. I Noreg kom songen aldri inn på VG-lista, men gjorde suksess som ein del av albumet Songs from a Secret Garden som toppa VG-lista same året.

Melodi Grand Prix NRK spesialinviterte Rolf Løvland til å levere inn ein song til Melodi Grand Prix 1995. Til slutt valde Løvland å sende inn «Nocturne», ein låt som var skriven til det fyrste albumet til Secret Garden. Det var dimed aldri meininga at songen skulle vere med i Melodi Grand Prix. «Det var helt tilfeldig at produsenten for Melodi Grand Prix fikk høre låten. Han mente 'Nocturne' var noe annerledes og nytt, og trodde den hadde et stort potensial i konkurransen. Til slutt lot jeg meg overtale» sa Løvland til NRK i 2015.

Nocturne var nesten heilt instrumental, med to korte vers på til saman 24 ord. Trass den utradisjonelle stilen vann «Nocturne» Melodi Grand Prix på NRK Marienlyst laurdag 1. april 1995.

Eurovision Song Contest Skepsisen var til stades også i forkant av den internasjonale finalen i Dublin 13. mai 1995. Blant anna meinte svenskane at «Nocturne» ikkje var nokon song. Han fekk heller inkje poeng frå den svenske juryen, men vann likevel Eurovision Song Contest med 148 poeng. Dette var den andre sigeren til Noreg i Eurovision Song Contest.

Secret Garden bestod av [olf Løvland og den irske musikaren Fionnuala Sherry. Både i den norske og internasjonale finalen var duoen forsterka med songaren Gunnhild Tvinnereim, kjend frå Oslo Gospel Choir, fløytespelaren Hans Fredrik Jacobsen og den svenske nøkkelharpespelaren Åsa Jinder med på scena.

Om songen Teksta til songen består av berre 24 ord, og mykje av songen vert utgjord av instrumentalparti for fiolin av Fionnuala Sherry. Teksta går som følgjer:

Utgjevingar «Nocturne» vart utgjeven på singel og var òg på albumet Songs from a Secret Garden, utgjeve i 1995. Countryhumor-gruppa Dusty Cowshit gav ut ein humoristisk versjon av songen i 1996.

Shrek-versjon (2001) Melodien til «Nocturne» har truleg òg vore inspirasjonskjelde til songen «Fairytale». Denne songen var ein del av lydsporet til den fyrste Shrek-filmen i 2001, der Harry Gregson-Williams og John Powell var oppførte som låtskrivarar. Songen var òg med på albumet Shrek: Original Motion Picture Score, utgjeve 4. desember 2001.

Seinare Secret Garden gav ut ein ny versjon med ny tekst på albumet Inside I'm Singing i 2007, med Anne Takle på vokal.

Ved framsyningar etter rundt 2015 er den opphavlege vokalisten Gunnhild Tvinnereim vorte bytte med .

Listeplasseringar «Nocturne» kom aldri inn på VG-lista, men tok seg inn på singellistene i fleire europeiske land – blant anna Sverige som ikkje gav «Nocturne» eit einaste poeng i Eurovision Song Contest. Liste (1995)Høgaste plasseringVeker på listaDebutdato , Flandern (Ultratop)6171. juli 1995 , Vallonia (Ultratop)24715. juli 1995  (Irish Singles Chart)7525. mai 1995  (Single Top 100)20615. juli 1995  (UK Singles Chart)90114. oktober 1995  (Sverigetopplistan)26723. juni 1995

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Nocturne (sang)» frå , den 30. desember 2021.

Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1995-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Norskspråklege Eurovision Song Contest-songar