høgre|mini|Kapp Leeuwin med fyrtårnet, sett frå aust Kapp Leeuwin er det sørvestlegaste punktet i Australia. Det ligg i delstaten Western Australia.

Det finst nokre små øyar og klipper – St. Alouarn-øyane – som går lenger mot sør. Den næraste busetnaden er byen Augusta med rundt 1000 innbyggjarar.

I Australia blir Kapp Leeuwin rekna som punktet der Indiahavet møter Sørishavet, sjølv om dei fleste andre land og Den internasjonale hydrografiske organisasjonen reknar byrjinga av Sørishavet til å først ligga sør for 60°S breiddegrad.Limits of Oceans and Seas (SP-23), International Hydrographic Organization (pdf) Hentet 21. januar 2013

Det fyrste skipet ein kjenner til som vitja området er det nederlandsk skipet «Leeuwin» ('Løvinna'), som kartla kystområdet i 1622. Neset er kalla opp etter dette skipet, av den britiske navigatøren og kartografen Matthew Flinders i 1801. Flinders var den første som segla heile vegen rundt Australia. Bukta austom det vesle neset – Flindersbukta – er kalla opp etter Matthew Flinders sjølv.

Fyrtårnet på neset er bygt av kalkstein og oppført i 1896. Det er 39 m høgt, med ein base 59 m over havnivå. Fyret var betent manuelt fram til 1982.Lighthouses of Western Australia Hjemmeside. Hentet 21. januar 2013

Området kring fyrtårnet er naturpark og består av heilandskap og tjukt kratt. Det er habitat for eit stort tal plante- og fugleartar.

Sjå òg Leeuwinstraumen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kap Leeuwin» frå , den 6. januar 2022.

Kategori:Nes Kategori:Australsk geografi Kategori:Stader kalla opp etter skip