Bosumtwi er den einaste naturlege innsjøen i Ghana. Han ligg 32 kilometer søraust for Kumasi. Sjøen blei skapt av eit meteorittnedslag, og han ligg i eit djupt, sirkulært krater omgjeve av særs steile fjellsider. Bosumtwi-krateret har ein diameter på cirka 10,5 km. Det er estimert til å vera 1,07 millionar år gammalt (pleistocen).
mini|venstre|Satellittbilde av sjøen. Bosumtwisjøen er ein heilag sjø for ashantifolk i området. Ifølgje tradisjonelle overleveringar kjem sjelene til avdøde til sjøen for å seia farvel til gudinna Asase Ya. På grunn av dette er det avgrensa korleis ein kan fiska i sjøen; berre fiske frå treplankar er tillate. Nokre av fiskeartane i sjøen er den endemiske cikliden Hemichromis frempongi og dei nær endemiske ciklidane Tilapia busumana og T. discolor.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bosumtwi» frå , den 18. januar 2022.
Kategori:Innsjøar i Afrika Kategori:Ghanesisk geografi