Johan Gørbitz () var ein norsk målar.

Bakgrunn og virke Gørbitz var fødd 8. september 1782 i Sandviken ved Bergen. I 1798 blei han send til København for å utvikla dei kunstnariske evnene sine, som han tidleg hadde lagt for dagen. I 1802 måtte han avbryta studiane ved kunstakademiet, og vende heim til Bergen, der han verka som portrettmålar fram til 1805. 1805–1807 var han igjen i København for å fortsetja utdanninga, men reiste så til Dresden og vidare til Wien, der portrettet hans av den danske chargé d'affairen Nissen vekte stor merksemd og skaffa han mange bestillingar. I 1809 flytta han til Paris, der han vart verande i mange år som populær portrettmålar. Fyrst i 1836 vende han tilbake til Noreg, og busette seg då i Christiania, der han levde tilbaketrekt resten av livet.

Gørbitz er særleg kjent for portretta sine av Niels Henrik Abel og Camilla Collett. Gørbitz gate i Sandviken i Bergen og i Oslo er oppkalla etter han.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Johan Gørbitz» frå , den 28. januar 2022. oppgav desse kjeldene: «Görbitz, Johan», i Salmonsens konversationsleksikon, 2. utg., bind X, s. 535. København: J. H. Schultz, 1920

Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet