Enniskillen er den største byen i County Fermanagh i Nord-Irland. Han ligg midt i fylket, på øya som skil øvre og nedre del av Lough Erne. Byen var administrasjonssenter for det tidlegare distriktet Fermanagh. Enniskillen hadde innbyggjarar ved folketeljinga i 2011.

Namnet Enniskillen kjem frå , 'øya til Cethlenn'. Dette viser til Cethlenn, ein figur frå irsk mytologi som ifølgje soga blei såra i slag av ei pil og prøvde å symja over elva Erne, men ikkje kom seg over. Øya i midten av elva blei difor kalla opp etter henne. Det finst talrike engelske stavemåtar gjennom historia – Iniskellen, Iniskellin, Iniskillin, Iniskillen, Inishkellen, Inishkellin, Inishkillin, Inishkillen og så vidare. Bombinga av Enniskillen Fram til 1987 hadde Enniskillen vore nokså lite råka av konflikten i Nord-Irland. På Remembrance Sunday, i november 1987, sprengde Det provisoriske IRA ei bombe i byen som drap 11 tilfeldige sivile. Eit av offera var sjukepleiaren Anne-Marie Wilson, og faren hennar Gordon Wilson blei etter tragedien ein leiar i arbeidet for fred i Nord-Irland. PIRA hevda seinare at målet deira hadde vore ei avdeling britiske soldatar som deltok i markeringa av Remembrance Sunday. Enniskillenbomba har i ettertid blitt sett på som eit vegskilje i den irske fredsprosessen, ettersom ho førte til ei isolering av den mest radikale delen av PIRA og ei styrking av meir moderate krefter som ønskte å forhandla. I 1997 kom Sinn Féin-leiaren Gerry Adams med ei offentleg orsaking for bomba.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Enniskillen» frå og «Enniskillen» frå , den 8. februar 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Nord-Irland Kategori:Busetnader i County Fermanagh Kategori:7°W Kategori:54°N