mini|Karlsen under Riddu Riđđu-festivalen 2018 Emil Ráste Nikolavu Karlsen () er ein norsk samisk kunstnar, artist og skodespelar frå Storfjord i Nord-Troms. Karlsen er vokalist og gitarist i poprock-bandet Resirkulert og har ei solokarriere under kunstnarnamnet Emil Kárlsen. Han vart vald som Riddu Riđđus unge kunstnar i 2019.

Karlsen er sjøsame og oppvaksen i Oteren i Storfjord kommune. I vaksen alder lærte han seg å joike og gav ut ein joik til bestefaren sin i 2018 som han òg framførte på Nordlysfestivalen.

I 2021 gav han ut albumet Nágirvárrái saman med artisten Lávre. Der deltek òg andre samiske musikarar som Katarina Barruk, Ulla Pirttijärvi og Hildá Länsman.

Karlsen debuterte òg som skodespelar i 2021, då han spela Jussi i Beaivváš Sámi Našunálateáhter si oppsetjing av Koke bjørn, basert på boka av Mikael Niemi. I 2023 spela han hovudrolla i stykket Bjørnejegeren Ol-Tomså, også dette hjå Beaivváš.

Diskografi Med Resirkulert:

Du snakke for dæ sjøl (2017) For en dag, for et liv (2019)

Soloalbum:

Nágirvárrái (med Lávre, 2021) Binnát (EP, 2024)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Emil Karlsen» frå , den 11. februar 2022.

Kategori:Samiske musikarar Kategori:Samiske kunstnarar