Hans-Dietrich Genscher () var ein tysk politikar frå Halle an der Saale. Han var utanriksminister i Vest-Tyskland og i det samla Tyskland frå 1974 til 1992. Genscher var formann i FDP frå 1974 til -85.

Genscher var 1969-74 med i koalisjonsregjeringa til Willy Brandt som innanriksminister. Perioden 1974-82 var han utanriksminister og visekansler i Vest-Tyskland, Helmut Schmidt var forbundskanslar. Etter forbundsvalet hausten 1982 danna FDP regjering i lag med CDU. Helmut Kohl, leiaren av CDU, vart ny forbundskanslar og Genscher heldt fram som utanriksminister. Genscher var ein sentral figur i arbeidet med å overvinne delinga av Tyskland på slutten av den kalde krigen. Etter 18 år som utanriksminister, trekte han seg frå politikken i 1992.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hans-Dietrich Genscher» frå , den 17. februar 2022.

Kategori:Tyske utanriksministrar Kategori:Tyske politikarar