Grønkurle (Dactylorhiza viridis) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien).
Utsjånad Fargen på blomane kan variere frå gulaktig til grøn eller raudbrun. Einskildblomane har lang og smal leppe med tre flikar. Dei nedste blada er breie, og bladflatene er ofte krølla. Grønnkurle kan bli opp mot 40 centimeter høg og blømer gjennom det meste av sommaren.
Systematikk Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein valt å bruke det innarbeidde namnet grønkurle på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått namnet smågrønkurle, tidlegare òg bakkegrønkurle.
Underartane i Noreg er: smågrønkurle eller bakkegrønkurle (nominatunderarten D. viridis ssp. viridis) islandsgrønkurle (D. viridis ssp. islandica)
Grønkurle var tidlegare plassert i slekta Coeloglossum med namnet Coeloglossum viride. Slektskapet til marihandslekta var så nært at ein i Noreg og Finland har vald å overføre grønkurle dit. I Sverige og Danmark har ein vald å halde på Coeloglossum-namnet.
I Plants of the World Online er desse varietetane nemnde: Dactylorhiza viridis var. virescens (Muhl. ex Willd.) Baumbach: Nord-Amerika, austlege Asia Dactylorhiza viridis var. viridis
Utbreiing Grønkurle er ein vanleg orkidé over det meste av Noreg med unntak av kyststrøka i sør. Han kan òg gå høgt til fjells. Fjellplantene er monaleg mindre og har mykje mindre blomeaks enn låglandsplantene. I Norsk raudliste for artar (2021) er arten vurdert som livskraftig (LC). Underarten islandsgrønkurle veks i sanddynelandskap på Sørvestlandet, og er oppgradert frå sterkt truga (EN) til kritisk truga (CR).
Grønkurle, representert ved nominatunderarten smågrønkurle, finst òg i Sverige (status LC) og i Finland (NT). Det svenske namnet er grönkulla og det finske pussikämmekkä. I Danmark (dansk namn poselæbe) er arten sist sett i 1950, og er rekna som regionalt utdøydd (RE).
På Island er det underarten islandsgrønkurle (LC) som veks (islandsk namn barnarót). Det skal òg vere denne underarten som er rekna som sjáldsom på Færøyane (færøysk namn grønligt hjúnagras).
Grønkurle (engelsk namn frog orchid) veks spreidd over det meste av Dei britiske øyane, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU). Lokalt er han sårbar (VU) i England og Skottland og sterkt truga (EN) i Wales. I Irland har han status som nær truga (NT).
I Estland (estisk namn rohekas õõskeel) veks grønkurle spreidde stader på øyane og på fastlandet, men er i sterk tilbakegang og er no rekna som kritisk truga (CR). I Latvia (latvisk namn zaļā dobziede) er arten sjeldan og finst som einskildindivid og i små grupper på eng og i open skog. På den latviske raudlista er han klassifisert som sårbar (kategori 2 – retas sugas). I Litauen (litauisk namn žalioji gegūnė) har arten vore funne spreidd over heile landet, men er i sterk tilbakegang og finst no mest i aust. Han er rekna som kritisk truga (CR).
I Benelux er arten (nederlandsk namn groene nachtorchis, fransk namn orchis grenouille) sjeldan og i tilbakegang i Nederland og er no berre å finne i Limburg. I Belgia er han svært sjeldan i kalkrike område i Flandern, men litt meir vanleg sør i Vallonia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd), I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og er i 2026 oppgradert frå sterkt truga til kritisk truga (CR, en danger critique) òg i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som kritisk truga (CR).
I Tyskland er grønkurle (tysk namn Grüne Hohlzunge) rekna som sterkt truga (EN, stark gefährdet). I Polen er han (polsk namn ozorka zielona) sårbar (VU, narażony).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear på Færøyane Kategori:Orkidear på Island Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Marihandslekta