Kirsti Jordet () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Vingelen med til saman 14 noregsmeistertitlar og to Kongepokalar. Jordet sette noregsrekordar i diskoskast, høgdesprang og spydkast. Fram til og med 1952 tevla ho for Follagutane, i 1953 for Røros IL og frå 1954 for IL BUL (Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo).
Noregsrekordane
Høgdesprang med tillaup
1,50 m i 1949 Dette var to centimer høgare enn Berit Byhre sin rekord frå 1947. Jordet mista rekorden alt seinare same året, då Unni Sæther hoppa 1,51.
Spydkast
39,95 i 1950 Rekorden vart sett under NM. 39,95 var ei kraftig forbetring frå den tidlegare rekorden på 34,19 av Edith Todnem frå same året. Rekorden stod til 1952 då Alfhild Nærland kasta 41,12.
Diskoskast
39,35 i 1952 Den tidlegare rekorden var på 37,59 frå 1950 og høyrde til Edith Todnem. Jordet forbetra sjølv rekorden i NM same året.
40,20 i 1952 Denne rekorden vart ståande i seks år, heilt til Edel Leverås kasta 40,42 i 1958.
Medaljar i NM i friidrett for senior Kirsti Jordet tok til saman 34 medaljar i NM i perioden 1949–1957; 14 gull, 13 sylv og 7 bronse. Dei fleste av desse vann ho i tekniske øvingar, men ho fekk også tre medaljar i laupsøvingar og fire medaljar i trekamp. I 1949 og 1950 fekk ho òg Kongepokalen.
År ØvingMedaljeResultat Diskoskast 1950 Sylv35,17 m. 1951 Gull36,61 m. 1952 Gull40,20 m. 1953 Gull36,87 m. 1954 Gull38,05 m. 1956 Gull36,31 m. Hekkelaup 195280 m.Sylv13,5 s. Høgdesprang 1949u/tillaupGull1,19 m. 1949m/tillaupGull1,50 m. 1950m/tillaupBronse1,43 m. 1951m/tillaupSylv1,40 m. 1952m/tillaupSylv1,46 m. Kortdistanselaup 1949100 meterSylv13,0 s. 1949200 meterSylv26,7 s. Kulestøyt 1949 Gull11,43 m. 1950Gull11,10 m. 1951 Sylv10,98 m. 1952 Bronse11,20 m. 1953 Bronse10,38 m. 1956 Bronse11,04 m. Lengdesprang 1949u/tillaupGull2,68 m. 1949m/tillaupSylv4,94 m. 1951u/tillaupBronse2,47 m. Mangekamp 1949TrekampSylv1741,10 p. 1950TrekampBronse1709,80 p. 1951TrekampGull1475 p. 1957TrekampSylv2043 p. Slengball 1951 Gull43,21 m. 1952 Gull46,35 m. Spydkast 1950 Gull39,95 m. 1951 Sylv32,60 m. 1952 Sylv35,86 m. 1954 Sylv33,60 m. 1956 Bronse31,38 m.
Bakgrunnsstoff Nettsidene til Norges Fri-idrettsforbund Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt: Kunnskapsforlagets idrettsleksikon Oslo, 1990. ISBN 82-573-0408-5
Jordet, Kirsti Jordet, Kirsti Jordet, Kirsti Jordet, Kirsti Jordet, Kirsti Jordet, Kirsti Jordet, Kirsti Jordet, Kirsti