Elfrida Andrée () var ein svensk komponist, dirigent og musikar som var den fyrste kvinnelege domkyrkjeorganisten og den fyrste kvinnelege telegrafisten i Sverige.
Elfrida Andrée blir ofte nemnd som ein kvinneleg pioner. Ho medverka til to lovendringar som gjorde det mogleg for kvinner til å ha organiststillingar og å arbeida som telegrafistar. Andrée blir òg rekna for å vera ein banbrytande komponist og orkesterdirigent som etter motgang på grunn av kjønnet sitt bygde opp ei musikalsk verksemd og repertoar. Ho komponerte eit av dei første verka sine ved 24 års alder, ein pianokvintett i e-moll, som «placerade henne i den svenska tonsättareliten».
I 1879 blei ho medlem i Kungliga Musikaliska Akademien og vald inn i Föreningen Svenska Tonsättare i 1921. Systera til Elfrida Andrée, Fredrika Stenhammar (tidlegare Andrée), og systerdottera Elsa Stenhammar var òg framståande musikarar.
Liv
Barndom Elfrida Andrée var fødd i Visby i 1841 som det andre av dei tre barna til legen Andreas Andrée (1802-1877) og prestedottera Lovisa Lyth (1810-1861). Mora kom frå ei velberga og innverknadsrik presteslekt på Fårö og faren busette seg i Visby i 1832 der han arbeidde som provinslege. To år seinare gifte paret seg, og i 1836 fekk dei sitt fyrste barn, Fredrika Stenhammar (1836-1880). Elfrida Andrée blei fødd på familien sin dåverande bustad ved S:t Larsgränd 1 der syskena voks opp i eit borgarleg miljø. Barndomsheimen, seinare det Cramérska huset, er òg kjend som det eldste bebudde huset i Sverige med røter frå 1200-talet. Familien budde ein kortare periode på garden Tors i Bru sokn, men flytta attende til Visby då det yngste barnet, Tor Andrée (1849-1901), blei fødd. alt=|mini|Elfrida Andrée. Foto med notatet: "Det yngsta porträtt som finns. Det togs av min far utan att jag visste om det" Andreas Andrée var involvert i det musikalske selskapet i Visby som hadde ei stordomsstid som fall saman med oppveksten til døtrene og musikkundervisinga deira. Andrée-salongen var eit sentralt punkt i kultur- og musikklivet i byen. Faren underviste Elfrida Andrée i harmonilære, generalbass, song og piano. Ho lærte seg òg å spela harpe. I 1847 blei Wilhelm Söhrling musikkdirektør for Det musikalske selskapet og tenestegjorde som domkyrkjeorganist i Visby. Söhrling underviste Elfrida Andrée i harmonilære, piano og orgel. Ho var engasjert i musikklivet i Visby, og opptredde som pianist og songar i samband med Musikalske selskapet sine tilstellingar og uformelle musikalske salongar.
Organist Elfrida Andrée var 14 år gammal då ho forlet Visby og kom til Stockholm i 1855. Fredrika Stenhammar hadde etter nokre år med studiar ved Mendelssohns musikkonservatorium i Leipzig blitt tilsett som songar ved det kongelege teateret og seinare operaen. Systrene fekk dermed eit stort kontaktnett i dei musikalske krinsane og salongane i Stockholm. Privat studerte Elfrida Andrée song hjå Julius Günther og tok timar i piano hjå Johan Van Boom. Det første steget mot ein organisteksamen tok ho i 1857, då ho tok timar i orgel to gongar i veka hjå Gustaf Mankell i Jacobs kyrkje. Som fyrste kvinne i Sverige tok Andrée organisteksamenen som privatist i Stockholm same året, ettersom utdanninga på dette tidspunktet ikkje var open for kvinner. Ho arbeidde òg for lovendringa som seinare skulle koma til å gjera det mogleg for kvinner til å ha og søkja på organiststillingar. Kort tid etter eksaminasjonen sende Elfrida Andrée, med støtte frå faren Andreas Andrée, ein førespurnad til kongen om retten til å søkja organiststillingar.
Spørsmålet møtte motstand, og blei avslått av den dåverande erkebiskopen Henrik Reuterdahl. I 1858 tok Elfrida Andrée ein klasse i solosong ved Kungliga Musikaliska Akademien og blei tilsett som akkompagnatør til Julius Günther. Privat studerte ho også komposisjon med Ludvig Norman og seinare med den danske komponisten Nils W. Gade. Songklassene til akademiet blei opna for kvinner i 1854, og deretter fann det stad ei rad opningar i andre utdanningar. I 1858 blei Heddie Hammarskiöld teken opp som første kvinne til orgelklassa ved akademiet.. Rettane til kvinner blei debatterte mykje i riksdagen, og det blei kjempa for yrkeshøva til kvinner. Lovendringar som gav kvinner rett til å søkja organistsstillingar blei verksam i 1861, og to månader seinare fekk Elfrida Andrée stillinga som organist i Finska församlingen i Stockholm. Lovbrigdet bidrog òg til at fleire kvinner tok ut ein organisteksamen ved Kongelege Musikalske Akademiet. I åra 1861–1867 var Elfrida Andrée tilsett som organist i Finska församlingen og i Den franske reformerte kyrkja i Stockholm. I 1867 fekk ho stillinga som domkyrkjeorganist i Gøteborg domkyrkje.HD.se 22 november 2013: Elfrida Andrée, domkyrkoorganist, telegrafist och tonsättare, henta 17. juni 2015
Telegrafist Elfrida Andrée blei den fyrste kvinnelege telegrafisten i Sverige då også dette yrket blei opna for kvinner, etter å tidlegare ha vore lukka. Faren hennar, Andreas Andrée, skreiv til kongen i 1860 med spørsmål om det var mogleg for dottera å bli tilsett ved ein telegrafstasjon. Han meinte at Elfrida Andrée hadde dei nødvendige kunnskapane og at ho ikkje ville ha noka løn. Den 15 oktober 1860 kommuniserte kongen eit avslag via telegrafstyret. Det blei sett på som upassande for «den bildade unga qvinnan att ägna sig åt sådant arbete, där telegrafmannen nödgas åtföljd af arbetsmanskap till fots i hvad väder som helst, ofta i djup snö, miltals färdas utåt linien och från höjden af en 8 á 10 alnars stege undersöka ledningstrådarnas isolering och så vidare. Helst utlandets förtroende till oss i detta avseende möjligen kunde derigenom minskas.» Telegrafstyret meinte òg at det ikkje var passande for ei ung kvinne å arbeida blant så mange menn.
Elfrida Andrée gav seg ikkje og skreiv i 1862 på nytt til kongen. Ho framheva då at ho ville opna opp for ein ny, nyttig og respektable yrkesbane for kvinner i Sverige. Dette gav henne nok eit avslag. 2. mai 1864 utforma telegrafstyret likevel generelle reglar for tilsetting av kvinner, og same året kom det første kurset for kvinnelege telegrafistar med 23 elevar. Ein av desse var Elfrida Andrée. Etter fem års politisk kamp blei lovverket endra og i 1865 fekk Andrée, som første kvinne, løyve til å søkja tilsetting som telegrafist. Ho arbeidde for Telegrafverket til 1867, då ho blei tilsett som den fyrste kvinnelege domkyrkjeorganisten i Sverige.GP, 15 september 1952, "Telegrafverket 100 år. Första telegrafisten var göteborgska." mini|Elfrida Andrée ved orgelet i Gøteborgs domkyrkje. Foto i Hvar 8 dag 1904.
Åra i Gøteborg Elfrida Andrée søkte teneste som domkyrkjeorganist i Gøteborg i konkurranse med sju andre, alle menn, og blei einstemmig vald som etterfølgjar til Henric Seldener. Etter henne gjekk det 120 år til neste kvinne tiltredde som domkyrkjeorganist i Sverige. Arbeidsoppdraga bestod framfor alt i å spela under sundagsgudstenestene og å underhalda med kyrkjeorgelet. I 1908 blei ho òg kantor, ei teneste som seinare blei overteken av systerdottera Elsa Stenhammar; fram til 1905 var det forbode for kvinner å leia kyrkjekoret. Elfrida Andrée var ikkje berre verksam som kyrkjemusikar men verka òg som kammermusikar, leia orkester- og koraktivitet, dreiv musikkundervising og komponerte.
I Gøteborg arrangerte Elfrida Andrée cirka 800 folkekonsertar der ho sjølv dirigerte og gav orgelkonsertar. Folkekonsertane var arrangerte av Gøteborgs arbetarinstitutt, og dei fyrste blei oppførte i 1895 under leing av Karl Valentin. Elfrida Andrée, med støtte frå Elsa Stenhammar, tok over ansvaret som musikalsk leiar 1897.
Folkekonsertane trekte seg til arbeidarklassa og billettane var subsidierte. Repertoaren hadde eit folkeopplysings-formål, og det blei mellom anna framført nordisk musikk og verk av komponistar som Händel og Bach.
Folkekonsertane bidrog til at Elfrida Andrée si stilling i musikk- og kulturlivet i Gøteborg blei befesta, og ho fekk høve til å fastsetja programma for konsertane sine sjølv. Den 11. februar 1905 blei konserthuset på Heden innvigd på same tid som ein feira 10-årsjubileet til folkekonsertane og heldt den 200. folkekonserten. Elfrida Andrée dirigerte og programmet bestod av hennar eigne komposisjonar, mellom dei Snøfred med tekst av Viktor Rydberg.
Elfrida Andrée var formelt domkyrkjeorganist i Gøteborg fram til ho døydde, men stoppa arbiedet av helsegrunnar i 1921. Ho er gravlagd på Norra gravleggingsplassen i Stockholm i ei familiegrav der også systera hennar og systerdottera, operasongaren Fredrika Stenhammar og kyrkjemusikaren Elsa Stenhammar, er gravlagde.Begravda i Sverige, CD-ROM, Sveriges Släktforskarförbund (2008) mini|Pianokvintett i e-moll. Publisert av Musikaliska konstföreningen i 1865. mini|Orgelstemmar i autograf av Elfrida Andrée. Orgelsymfoni nr 2 i Ess-dur for orgel og messinginstrument.
Komponist Som komponist hadde Andrée nokre suksessar, men måtte også sjå seg forbigått fleire gonger på grunn av kjønnet sitt. Mange av verka hennar blei aldri framførte, eller berre framførte nokre få gonger i løpet av levetida hennar. Frå 1990-talet byrja ein fatta meir interese for musikken til Andrée, og verka hennar er blitt oppførte ved orkester- og kammermusikkkonsertar og dessutan i radio og i kyrkja. Kammermusikkverka – mellom anna to pianotrioar og ein pianokvintett – blir rekna som det mest fullkomne i produksjonen hennar. Ho skreiv òg to symfoniar for orkester, to orgelsymfoniar, to messer, kantatar, orgel- og pianomusikk med meir.
Det største verk til Andrée var operaen Fritiofs eventyr med libretto av Selma Lagerlöf etter diktverket til Esaias Tegnér. Heile operaen har aldri blitt formelt oppsett, men det blei oppført eit utdrag konsertant av Wermland Opera i Karlstad 2013 og heile operaen blei oppført konsertant for første gong av Göteborgsoperan i 2019. Andrée laga ein orkestersuite av musikken til operaen med namnet Fritiof-suite.
Ettermæle Sporvogntype M31 i Gøteborg nummer 380 har fått namnet Elfrida Andrée. Det er òg kalla opp ei gate, Elfrida Andrées gate, etter henne i Gøteborg. I Visby fanst tidlegare Elfrida Andréegymnasiet som i 2014 blei slått smaan med to andre gymnasskular til Wisbygymnasiet. mini|Elfrida Andrée. Foto i Veckojournalen 1916.
Verk
Musikk for scenen
Fritiofs saga, opera med libretto av Selma Lagerlöf efter Esaias Tegnér sitt diktverk (1894-95) Vårqvällstämning, melodrama for resitasjon og orkester (1873) Saul och David, melodrama for resitatør og harpe eller piano til tekst av Gustaf Fröding (1912)
Orkesterverk
Presto i c-moll (1859) Ouverture i g-moll (1864) Symfoni nr 1 i C-dur (1868) Konsertovertyre i D-dur (1873) Varför och därför, orkestersats i f-moll, symfonisk dikt (1874) Versjon for orgel i e-moll Forspel til Snöfrid, ballade for solist, kor og orkester i g-moll (1876) Andante quasi recitativo for strykeorkester (1877) Scherzo i g-moll (1878?) Symfoni nr 2 i a-moll (1879) Orgelsymfoni nr 1 i h-moll (1891) Orgelsymfoni nr 2 i Ess-dur for orgel og messinginstrument. Omarbeiding av fiolinsonate nr. 2 (1892) Intermezzo i F-dur (1892) Sommarminnen från Bjurslätt for strykeorkester eller strykekvintett (omarbeidd versjon av strykekvartetten i d-moll) (1903) Glömska i F-dur for strykeorkester og harpe (1905) Fritiof-svit, utdrag frå operaen Fritiofs saga for symfoniorkester (1909) Menuett i f-moll Pastorale i A-dur Polonese i g-moll Svenska folkmelodier behandlade för stränginstrument för strykeorkester og harpe eller piano ad lib Symfonisats i f-moll (Allegro molto) Tempo do Marche funebre i c-moll Overtyre i d-moll
Kammermusikk
Pianotrio nr 1 i c-moll (1860) Strykekvartett i A-dur (1861) Pianokvartett i a-moll (1865) Pianokvintett i e-moll (1865) Tre romanser for fiolin og piano (1871) Fiolinsonate i Ess-dur (1872) Fiolinsonat ei B-dur (1872–76) Pianotrio i g-moll (1883–84) Två romanser for fiolin og piano (1884) Strykekvartett i d-moll (1887)