Flugeblomslekta (Ophrys) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Systematikk På verdsbasis har flugeblomslekta mange artar, men det er stor usemje om kor mange og om korleis ein skal gruppere dei i artar og underartar. Ulike klassifiseringar opererer med frå nokre titals til fleire hundre artar, og i tillegg kjem ei stor mengd hybridar. Berre ein art, flugeblom, er representert i Noreg. Han var òg den einaste i Norden, men i 2004 vart ein ny art, biblom, funne i Danmark, der arten ser ut til å ha etablert seg på fleire lokalitetar. Han er no òg funne i Sverige.
Etymologi Namnet Ophrys kjem frå det gammalgreske substantivet ófrys (ὀφρύς), som tyder augebryn.
Artar i Noreg Artsdatabanken opererer med ein art i Noreg:
flugeblom (O. insectifera)
Arten er teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).
I tillegg er det ein ny art i Sverige og Danmark:
biblom (O. apifera), i Sverige (CR) og Danmark (VU)
I Nord-Europa veks òg:
O. araneola [O. sphegodes ssp. araneola], i Tyskland (EN) O. holosericea (òg kalla O. fuciflora), i England (VU), i Tyskland (VU) O. holosericea ssp. elatior, i Tyskland (ekstremt sjeldan) O. sphegodes, i England (LC), i Wales (RE), i Tyskland (EN)
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Slekter i orkidéfamilien