Alina Ivanivna Pasj () er ein ukrainsk songar, rappar og skodespelar. Ho deltok i den sjette sesongen av ukrainske X Factor. I 2022 vann ho den ukrainske songtevlinga Vidbir 2022 med songen «Shadows of Forgotten Ancestors», og ho skulle representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2022. På grunn av strid rundt ei reise til russisk-annekterte Krim, valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget.

Bakgrunn Pasj vart fødd i Busjtyno i Zakarpatska oblast i 1993. Som 17-åring i 2010 deltok ho i TV-programmet Karaoke na majdani, og 2015 vart ho nasjonalt kjend då ho kom på tredjeplass i den sjette sesongen av ukrainske X Factor. I 2019 gav Pasj ut sitt fyrste studioalbum, Pintea: Hory. Albumet gav henne to nominasjonar til den ukrainske musikkprisutdelinga YUNA, og ho vann i klassen beste hiphophit. Pasj mottok òg M1 Music Award-nominasjonar og opptredde på Atlas Weekend-festivalen.

I juni 2019 gav Pasj ut albumet Pintea: Misto. To år etter følgde det tredje albumet hennar Rozmova, som gav henne to YUNA-nominasjoner.

Eurovision Song Contest 2022 Pasj deltok i Vidbir 2022, det ukrainske svaret på norske Melodi Grand Prix. Vinnaren av Vidbir får representere Ukraina i Eurovision Song Contest. Pasj deltok med låten «Shadows of Forgotten Ancestors». Songen vann juryavstemminga og vart nummer to i telefonavstemminga, og vann Vidbir 2022 samanlagt. Han skulle dimed representere landet i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Få dagar etter sigeren vart det likevel strid rundt eit besøk Pasj hadde hatt på russisk-annekterte Krim i 2015. I Ukraina er det strenge reglar for innreise til Krim, blant anna må ukrainarar søke om innreise, og innreisa må skje via Ukraina.

Pasj leverte inn dokumentasjon på at ho hadde reist inn via Ukraina, men kringkastaren Suspilne meinte dokumentasjonen var fabrikkert. Til slutt valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget om å representere Ukraina i Eurovision Song Contest, og kommenterte at ho «ikkje ville ha denne virtuelle krigen og hatet. Den viktigaste krigen no er den ytre, den som kom til landet mitt i 2014» – med tilvising til krigen i Aust-Ukraina. Hendinga skjedde òg midt under den spente krisa mellom Russland og Ukraina, der Russland hadde deployert store styrkar langs grensa til Ukraina.

Diskografi

Studioalbum

2019 – Pintea: Hory 2019 – Pintea: Misto 2021 – Rozmova

EP-ar

2020 – Amerikraine Dream 2021 – Norov

Singlar

2018 – «Bitanga» 2018 – «Oinagori» 2019 – «Oboloka» (med Born Dirty) 2019 – «Ne pyly» (med Freel) 2020 – «Vysokomirni» 2020 – «Ne vpasty» (med Anja Sapajeva) 2020 – «Amaga» (med T-Zhuk) 2020 – «N.U.M.» 2021 – «Molytva» 2021 – «Palayu» (med Kretsjet og Donn & Osmon) 2021 – «Motanka» 2022 – «Shadows of Forgotten Ancestors»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alina Pasj» frå , den 1. mars 2022.

Kategori:Ukrainske songarar Kategori:Fødde i 1993 Kategori:Ukrainske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-artistar