Sibirnattfiol (Lysiella oligantha) er ei plante i sibirnattfiolslekta Lysiella i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Utsjånad Sibirnattfiol er ein av våre minste orkidear, som berre blir om lag 10 centimeter høg. Blomane er grønkvite i eit kort, ope aks. Ved bakken veks det eit par grønkvite blad.
Systematikk I Noreg blir sibirnattfiol rekna til slekta Lysiella, som har tre artar på verdsbasis. I nabolanda og i mange andre klassifiseringar blir arten rekna å høyre til nattfiolslekta Platanthera, slik ein tidlegare gjorde i Noreg. Her heitte han P. parvula, og skifta så fleire gonger mellom P. oligantha og P. obtusata ssp. oligantha før han fekk det noverande namnet. I Sverige bruker ein namnet P. obtusata og i Finland P. oligantha.
I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019), Plants of the World Online og WFO – The World Flora Online bruker ein namnet P. oligantha, medan P. obtusata blir rekna som ein reint nordamerikansk art.
Utbreiing Sibirnattfiol er sjeldan, og veks på kalkrik grunn på nokre få funnstader frå Nord-Troms til Porsanger. Sibirnattfiol er freda, og står på Norsk raudliste for artar som sterkt truga (EN).
Arten finst òg i Sverige, der han blei oppgradert frå sterkt truga til kritisk truga (CR) i 2025 (svensk namn lappfela) og i Finland (CR, finsk namn pikkulehdokki).
Sibirnattfiol er ført opp på Bernkonvensjonen si liste over artar som treng særleg vern.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Sibirnattfiolslekta Kategori:Nattfiolslekta