Espen Andersen () er ein norsk kombinertrennar, medlem i Lommedalens IL. Han vart olympisk meister med Noreg i lagtevlinga under Vinter-OL 2022. Tidlegare har han vunne sølv i same øvinga ved Vinter-OL 2018 og sølv i tomannsstafett i Ski-VM 2021.

Aktiv Andersen fekk sin verdscupdebut i Holmenkollen i mars 2013. Han vart individuell noregsmeister då Ski-NM 2016 vart avvikla i Molde. Under Ski-VM 2017 vart han nummer 10 og beste nordmann i tevlinga med hopp i storbakke. Saman med Jan Schmid, Jarl Magnus Riiber og Jørgen Graabak sikra han norsk sølvmedalje i lagtevlinga ved dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang i 2018. I Ski-VM 2021 i Oberstdorf fekk Andersen ikkje plass i det norske mannskapet i lagtevlinga, derimot tok han og Jarl Magnus Riiber sølvmedaljen i tomannstafetten. Under Vinter-OL 2022 i Zhangjiakou gjekk han han den andre etappen då Noregs lag vart suveren vinnar av lagtevlinga, dei andre på laget var Espen Bjørnstad, Jens Oftebro og Jørgen Graabak.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Espen Andersen II» frå , den 5. mars 2022.

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2022