Dactylorhiza incarnata ssp. gemmana er ei plante i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Underarten finst ikkje i Noreg.

Systematikk Dactylorhiza incarnata ssp. gemmana høyrer til den vanskelege slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta. Den er ein underart av engmarihand, men mange klassifiseringar godtek ikke denne underarten. Fordelinga på underartar av engmarihand er ikkje fullt ut klarlagd på Dei britiske øyane.

Utbreiing I den irske raudlista er underarten sett på venteliste (WL) i påvente av meir data. I den britiske raudlista er arten markert med manglande data (DD – data deficient), det same gjeld lokalt i England. Han finst truleg ikkje i Wales eller Skottland, men har vore rekna som livskraftig (LC) i Wales.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Marihandslekta