Magnus I, Magnus den gode eller Magnus Olavsson () var konge av Noreg i tidsrommet 1035–1047, og dessutan konge av Danmark i tidsrommet 1042–1047. I dei to siste åra av styringstida hans, var farbroren Harald Hardråde medkonge.
Bakgrunn Magnus var frilleson åt kong Olav den heilage. Mor hans var Alvhild, og etter Snorre vart ho kalla kongens si tenestejente. I ei anekdote fortel Snorre om korleis han fekk det uvanlege namnet Magnus. Fødselen skal ha skjedd om natta medan kongen sov og dei var redde for at guten skulle døy før morgonen. Sidan dei ikkje torde vekke kongen sjølv, avgjorde Sigvat Skald at han skulle kallast opp att etter kong Karl den store (Karla-magnus) og ved ei språkeleg mistyding fekk han difor namnet Magnus. Han var den første norske kongen med dette namnet.
Magnus hadde ein halvbror som vart kalla Tore; etter sogene var han ein son som Alvhild hadde fått med ein annan mann en kong Olav, truleg før Magnus vart fødd. Kong Harald Hardråde nemner han i eit dikt,Lausavise av Harald Hardråde (Skaldic Project) der han opplyser at far hans vart kalla med det nedsetjande namnet "Hvinngestr" (tjuv-gjest). Harald Hardråde (Sigurdsson) var Magnus sin farbror, halvbror til faren. I sogene er det opplyst at Åsta Gudbrandsdotter var mor til både Olav den heilage og Harald Hardråde.
Halvsyster til Magnus var Ulvhild, dottera som kong Olav fekk med den svenske kongsdottera Astrid Olofsdotter. Ho var det einaste ektefødde barnet til heilagkongen. Etter at Magnus vart konge i Danmark (1042), let han Ulvhild gifte seg med hertug Ordulf av Sachsen (sjå nedanfor).
Etter det ein kjenner til hadde Magnus berre eit barn, dottera Ragnhild. Kven mor hennar var, og når ho var fødd, veit ein ikkje, men ho vart gift med Håkon Ivarsson jarl som vart dansk jarl i Halland. Ei av døtrene deira vart gift med orknøyjarlen Pål Torfinnsson. Ei anna dotter var mor til «Håkon Jyde» (òg kalla «Håkon Nordmann»), som var far til den danske kongen Erik Lam.Knytlingasaga kap. 78 (Om Kong Eriks Sønner)Erik Lam danmarkshistorien.dk
Konge som 11-åring Då Olav Digre rømde frå Noreg i 1028, var den fire år gamle Magnus med på ferda, som enda i Gardarike. Der vart han verande i Novgorod hos storfyrsten Jaroslav,Jaroslav I var storfyrste av Kievriket frå 1019 til 1054 som då var gift med Ingegjerd Olofsdotter.
I 1035 vart Olav Digre erklært for heilag, og det året reiste menn frå Noreg, under leiing av mellom andre hovdingane Einar Tambarskjelve og Finn Arnesson, til Gardarike; dei ville hente heim sonen til helgenkongen og setje han til ny konge i Noreg. Sumaren 1035 kom ungguten Magnus Olavsson attende til Noreg og vart straks teken til konge over heile landet. Han var berre 11 år gamal, men som son av ein helgen fekk han ein posisjon som ingen konge eller jarl hadde hatt før i Noreg. Han vart kalla kong Magnus den gode, men ein «god» konge kan han knappest seiast å ha vore og det kan heller ikkje hevdast at han i utgangspunktet hadde nokon legitim rett til å bere kongsnamn i Norge. Faren, vikingkongen Olav Digre, hadde erobra Noreg med hærmakt og etter reelt sett å ha herska i ti år, vart han jaga ut av landet og seinare drepen i slaget på Stiklestad, då han på nytt hadde freista å hærta riket.
I tida 1030 til 1035 hadde Svein Knutsson vore konge i Noreg. Han var berre omkring 14 år gamal då han fekk kongsnamn og var truleg i byrjinga godt likt og fullt ut akseptert som rettmessig konge over riket. Men ei stendig sterkare misnøye med kong Svein gjorde seg etter kvart gjeldande, uten tvil grunna i eit vanstyre som skuldast mor hans, Ælfgifu av Northampton, ho som i Noreg vart kalla Alfiva. Snorre skreiv at kong Svein var eit barn, både i alder og tanke, og sogene er samstemte om at det var Alfiva som mest stod for styringa av landet. I eit dikt (lausavise)Lausaviser vers 26, av Sigvat Tordarson talar skalden Sigvat Tordarson om Alfiva-tida. Det er ikkje tvil om at det i denne tida vart innført harde lover, og slik det er nemnt i sogeverket Ågrip, opplevde folk både tvang og uår medan kong Svein og mor hans regjerte.
Sogene fortel at Magnus samla hærstyrkar for å legge under seg landet. Kong Svein Knutsson og mor hans måtte då truleg ha innsett at dei hadde lite med støtte i Noreg, og utan å gå til strid mot helgensonen, forlet dei landet i 1035 og reiste til Danmark. Arnor jarlaskald nemner dette i Magnusdråpa 4. verset: «han dreiv Svein bort frå hans fedrearv». Truleg året etter døydde Svein Knutsson i Danmark, berre 20 år gamal.
Det skulle vise seg at kong Magnus tok arv etter faren, ikkje som fredeleg heilagmann, men som krigarkonge og erobrar. Det meste av styringstida låg han ute i krig, og han tok lite del i styre og stell av Noreg.
Hemnfulle herre mini|261px|Kong Magnus og Åsmund Grankjellsson. "Ta heller øksa min", sa kongen, "du kan tru, Åsmund, at det er harde bein på den karen".Teikning av Halfdan Egedius (1899) mini|261px|På Stiklestad: «Mi øks nådde han ikkje,» svara Kalv og sprang opp på hesten sin og reid bort. Teikning av Halfdan Egedius (1899). Snorre fortelSoga om Olav den heilage, avsnitt 251 at, før han kom til Noreg, gjorde Magnus eiden sin på at dei som hadde stridd mot Olav den heilage, skulle ha trygd og fullt forlik. Men straks han hadde vorte konge, sette han likevel i verk harde straffer mot dei. Han jaga mange ut av landet eller han tok eigedomane og godset deira. Han var sterkt medverkande til at Hårek frå Tjøtta var drepen, og Kalv Arnesson kjende seg så truga at han reiste frå landet med alt folket sitt. Kong Magnus eigna då til seg Egge og alt det godset som var etter Kalv.
Fremferda til kongen var ille likt mellom bøndene, og det var i denne samanhengen at skalden Sigvat Tordarson skreiv diktet Bersoglisviser,Bersoglisviser av Sigvat Tordarson (Skaldic Project) der vers 11 er slik: Hverr eggjar þik, harri heiptarstrangr, at ganga (opt reynir þú) þínum (þunn stôl) á bak môlum? Fastorðr skyli fyrða fengsæll vesa þengill; hœfir heit at rjúfa, hjaldrmǫgnuðr, þér aldri.Kven eggjar deg, hemnfulle herre til å svikte dine lovnader? Ofte prøver du det tynne stål; ein sigersæl krigar burde alltid ordhalden vere. Det sømer seg aldri å bryte ditt ord. Snorre skreiv då at kongen retta på seg etter dette, og han vart vensæl «og alt folket i landet elska han». Det er den vanlege oppfatninga at det var etter denne «omvendinga» at kong Magnus vart kalla «den gode» (han var ikkje lenger vond og hemngjerrig?). Det er likevel nokså uvisst kvifor Magnus fekk tilnamnet; kanskje er ei meir truverdig forklaring å finne i sjølve diktet Bersoglisviser, der Magnus i vers 5,Bersoglisviser vers 5, av Sigvat Tordarson (Skaldic Project) vert samanlikna med kong Håkon den gode.
Om det var slik at Magnus gav seg med å straffe nordmennene, kan det likevel sjå ut til at han vende hemntankane sine mot Danmark, landet som hadde ført hærstyrkar mot kong Olav i Slaget ved Helgeå og til sist hadde jaga han or Noreg.
Krigarkongen Snorre seier lite om korleis det frå først av oppstod ufred mellom Magnus den gode og Hardeknut, kongen i Danmark. Han fortel at «våren etter (truleg 1036) baud begge kongane ut leidang» og det vert gjerne tolka slik at kong Magnus måtte forsvare seg mot den danske kongen som gjorde hærferd mot Noreg for å ta attende riket til kong Svein Knutsson. Dei fleste andre norrøne kjeldene gir likevel uttrykk for at det var Magnus som gjekk til krig mot Danmark, og historieverket ÅgripÅgrip or Noregs kongesoger kapittel 36, v/Gustav Indrebø (1973) ISBN 8252101623 seier det beint fram slik: «Men då han hadde styrt landet i nokre år .. kom han i hug den urett som hadde vore gjort imot far hans, og han fór med ein hær til Danmark. Det var alle fullhuga på, av di dei ynskte hemn.»
Kong Knut den store døydde i England i november 1035. Hardeknut skulle ta over som engelsk konge og det er særs lite truleg at han på denne tida skulle ha ynskt å binde seg opp med ein krig mot Noreg. Den danske sogeskrivaren Saxo Grammaticus nemner om dette i sitt sogeverk Gesta danorum, der han legg vekt på Hardeknut sitt dilemma; han våga ikkje å reise til England, før han han hadde avklart situasjonen som hadde oppstått på grunn av «nordmennenenes troløshet». Han kallar kong Magnus for «ransmannen» og gir ei klar oppfatning av at det var kong Magnus som starta krig mot Danmark.
Dette høver òg godt med opplysningane i den angelsaksiske krønika, der det står at Hardeknut ikkje kom til England før i 1039.
Eit par år med ufred må det i alle høve ha vore, sidan det til sist vart gjort ein fredsavtale mellom kong Magnus og Hardeknut, truleg i 1037 eller 1038.
Forliket ved Göta elv mini|261px|Magnus den gode og Harde-Knut møtest ved Göta Elv (Ågrip nemner Brennøyane), truleg i 1038. Teikning av Halfdan Egedius (1899) I fleire av dei norrøne sogene vert det sagt at dei to kongane, Hardeknut og Magnus, møttest ved «Elv» (Gøta elv) og gjorde ein avtale om at dei skulle halde fred med kvarandre, og dersom den eine av dei døydde sonelaus, skulle den andre arve riket hans. Hendinga er ikkje nemnt i noko skaldevers, og norske historikararVikingtid og rikssamling, Claus Krag, side 169 har stilt seg tvilande til at ein slik avtale i det heile vart gjort. Det som talar for at avtalen, i ei eller anna form, kom i stand, er det faktum at Magnus på fredeleg vis vart teken til kong i Danmark, rett etter at Hardeknut døydde.
Hardeknut reiste frå Danmark i 1039 og vart konge i England året etter,Anglo-Saxon Chronicle Online Medieval and Classical Library (åra 1039 og 1040) men døydde brått 8. juni 1042, berre 24 år gamal.
Stutt tid etter drog kong Magnus til Danmark, og Snorre skriv at på Viborgtinget vart han straks kåra til konge over heile Daneveldet. Mange av dei norrøne sogene fortel om dette. Adam av BremenAdam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.27 (Aschehoug 1993)- tredje bok, kap. 12 opplyser at Magnus hadde makta i to rike, nemleg Danmark og Noreg, og ikkje minst er det nemnt i fleire skaldevers. I Magnusdråpa seier skalden Arnor jarlaskald det slik i det 7. verset: Náði siklingr síðan snjallr ok Danmǫrk allri - môttr óx drengja dróttins - dýrr Nóregi at stýra.Den modige, gilde fyrste oppnådde sidan å styre Noreg og heile Danmark Hans makt auka monaleg Det var på denne tida at Magnus let halvsystera Ulvhild gifte seg med hertug Ordulf av Sachsen. Ekteskapet kom i stand som ein lekk i Magnus si alliansebygging for å sikre herredømet over Danmark. Hertugdømet Sachsen og Danmark hadde òg ein sams fiende i venderane. Rett etter giftarmålet let hertug Ordulf drepe den danske jarlen Harald Torkjelsson.Om drapet på Harald jarl: Adam av Bremen, 2. bok, kap. 79 Truleg vart drapet utført etter ynskje frå kong Magnus; Harald jarl var gift med systerdotter til kong Knut den store og var ein mogeleg dansk tronkrevjar.Vikingtid og rikssamling, Claus Krag, s. 130
Krig mot vendarane mini|261px|Hærstyrkane til Magnus den godes jagar venderane på Lyrskogsheia. Teikning av Halfdan Egedius (1899) Som dansk konge måtte Magnus verje landet mot trugsmål frå slaviske folk. Våren 1043 drog han i hærferd til Vendland der han erobra Jomsborg, byen som Adam av Bremen kallar «Jumne». Snorre fortel at han brende borga og Arnor jarlaskald nemner òg dette i Magnusdråpa,Magnusdråpa av Arnor jarlaskald (Skaldic Project) der han kallar byen Jómi (sveið of ôm at Jómi). Seinare det året, heldt han slag mot vendarane på Lyrskogheia (Hlyrskogheiđi), nær Slesvig. Slaget er nemnt i mange skaldevers, mellom andre i Magnusdråpa og i eit dikt av Odd Kikinaskald,Dikt om Magnus den gode av Odd Kikinaskald (Skaldic Project) og kong Magnus fekk ein stor siger. Ovmange vendarar fall i slaget, og Snorre skreiv at «Folk seier at det aldri har vore så stort mannefall i Norderlanda i den kristne tida». Saxo Grammaticus omtalar slaget og skriv at «Ved denne lykkelige Sejr vandt Magnus i høj Grad Almuens Gunst».Danmarks historie av Saxo Grammaticus (dansk omsetjing)
Striden mot Svein Estridsson