The Untouchable er debutalbumet til den engelske popsongaren Alvin Stardust, gjeve ut i 1973 på Magnet Records.
Dei fleste av songane vart skrivne av produsenten Peter Shelley. Allmusic gav albumet 2.5 av 5 stjerner og skreiv: «Produsenten og låtkrivaren Pete Shelley hadde i røynda tre gode idear og spreiar dei for mykje ut - dei beste songane er dei to hitsinglane og resten er nesten ikkje verdt ei B-side. Utanom på hittane har Stardust sjølv berre så vidt ei overtydande syngerøyst. Men image er alt og tidleg i 1974 hadde Stardust ein aura å døy for. Sjølv eit halvvegs greitt album var berre prikken over i-en.»
Innhald
Produksjon Produsent - Peter Shelley Lydteknikar - John Hudson Assisterande lydteknikar - James Guthrie
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Debutalbum Kategori:Magnet Records-album Kategori:Alvin Stardust-album