Ottar Starheim () var ein norsk journalist, redaktør og lokalhistorisk forfattar fødd på Stårheim i Eid kommune. Han var busett i Førde.

Virke Starheim starta som journalist i 1963, og arbeidde i Fjordenes Tidende, VG og NRK Møre og Romsdal.

I 1975 vart han styrar av NRK sitt nye kontor for Sogn og Fjordane i Førde. Kontoret starta eigne fylkessendingar i 1977. I 1979 vart Starheim den første distriktssjefen i NRK Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde fram til 1990.

På 1990-talet arbeidde han i hovudsak med historiske program. Frå 2001 leia han arbeidet med NRK Sogn og Fjordane sitt nettbaserte Fylkesleksikon. Fylkesleksikonet vart i 2009 gjeve ut som bokverk på 3250 sider, fordelt på fire bind. Han fotograferte ein stor del av dei 12 000 bileta i bokverket.

Starheim har fått Presseprisen for Sogn og Fjordane to gonger.

Ottar Starheim var mellom anna leiar i ungdomslag og idrettslag både på Stårheim, i Måløy og i Førde. Han var styreleiar i Sunnfjord Skisenter AS under utbygginga av alpinanlegget på 1980-talet, styreleiar i Førde Næringsutvikling AS og styreleiar i Stårheim Kraft AS.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Om Ottar Starheim i Allkunne Selja forlag Bibsys

Referansar

Kategori:Folk frå Eid Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lokalhistorikarar Kategori:Forfattarar frå Eid Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Norske sakprosaforfattarar