René Vandereycken () er ein belgisk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå landsbyen Spalbeek i Limburg-provinsen. Han var midtbanespelar. I vel tre år frå januar 2006 var Vandereycken landslagssjef for Belgia.

Karriere Klubbspel Vandereycken hadde stor suksess med Club Brugge, ein klubb han tente frå 1974 til 1981. Etter to sesongar i Italia, vende han tilbake til Belgia og spel for RSC Anderlecht perioden 1983-86. Han la opp i 1989.

Landslagsspel Vandereycken debuterte på landslaget i november 1975 og deltok i 50 landskampar, dei to siste kom under VM i fotball 1986. Han skåra 3 mål for Belgia, det eine kom då han i EM-finalen 1980 utlikna på straffespark, ein kamp som enda med vesttysk triumf 2–1 i sluttminutta.

Merittar Sølvmedalje i EM i fotball 1980: Belgia Belgisk seriemeister: 1976, 1977, 1978 og 1980 for Club Brugge Belgisk seriemeister: 1985 og 1986 for RSC Anderlecht Belgisk cupmeister: 1977 for Club Brugge Finalist i Europacupen: 1978 for Club Brugge Finalist i UEFA-cupen: 1976 for Club Brugge Finalist i UEFA-cupen: 1984 for RSC Anderlecht

Kjelder

eu-football

Denne artikkelen bygger på «René Vandereycken» frå , den 1. april 2022.

Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Club Brugge-spelarar Kategori:Anderlecht-spelarar Kategori:Gent-spelarar Kategori:Genoa-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986