mini|Trundholmsvogna frå nordisk bronsealder. er truleg ein skulptur som illustrerer sola. Solgud eller solguddom er ein heilagdom som representerte sola, eller aspekt av sola, som liv, lys eller styrke. Ein kan finna døme på solguddommar og soldyrking i dei fleste kulturar og mytologiane deira. Sola representerte den høgaste kosmiske krafta, den altsjåande guden og hans makt, kosmos, hjarte, verdas auge, den tradisjonelle forskjellen mellom det synlege og usynlege, den ytre og den indre sola.Cooper, J.C.: Symboler, en uppslagsbok, Forum, Helsingborg 1978, ss. 178

Solguddommar i verdskulturane venstre|mini|Statue av Hathor frå det gamle Egypt mini|Sola med venger var eit oldtidssymbol for den egyptiske solguden Horus, sidan identifisert med Ra. mini|Monument tilknytt den romerske Sol Invictus I fleire ulike religionar er solguddommen den øvste guddommen som med ulike namn er knytt til ulike aspekt i dei forskjellige kulturane.

Det neolittiske konseptet av ein solbåt, ei sol som seglar over himmelen i eit skip, kan ein finna i seinare mytar frå det gamle Egypt med gudane Ra og Horus. Tidlegare egyptiske mytar innebar at sola er inne i løvinna, Sekhmet, om natta og er reflektert i auga hennar, eller at ho er innanfor kua, Hathor, i løpet av natta, og blir gjenfødd kvar morgon som sonen hennar, oksen. Urindoeuropeisk religion hadde førestillingar om solvogna, der sola dreg over himmelen i vogn. Arkeologiske funn frå nordisk bronsealder, som helleristingar og Trundholmvogna, har gitt tilstrekkeleg med bevis for at sola er blitt sett på som ein livgjevande guddommeleg skikkelse av bronsealdermenneske, og at sola ganske sannsynleg mottok ei form for tilbeding. Kombinasjonen av solsymbol med skip i religiøs praksis som eksisterte frå og med den nordiske bronsealderen fortsette truleg inn i mellomalderen. Desse religiøse førestillingane synest å ha blitt avleidde frå religiøs praksis som var knytt til ein fruktbarheitsreligion med guddommar som Njord eller Frøy, og ikkje nødvendigvis til ei personifisert sol.Simek, Rudolf (oversatt av Angela Hall, 2007): Dictionary of Northern Mythology. Boydell & Brewer. ISBN 0859915131: ss. 297

I romersk tid blei det halde ein festival til ære for fødselen til den uovervunne sola (Dies Natalis Solis Invicti) i samband med vintersolverv — «gjenfødinga» til sola om vinteren. I germansk eller norrøn mytologi fanst gudinna Sól, i vedisk guden Surya, gresk Helios (tidvis referert til som ein titan), og tidvis som Apollon. Mesopotamiske Shamash spelte ei viktig rolle under bronsealderen, og «sola mi» var ein tittel ein nytta for å adressera den kongelege. Tilsvarande hadde søramerikanske kulturar ei sterk soldyrking, sjå Inti. I slavisk mytologi er sola guden for eld og varme.

Sidan ein finn solguder i andre mytologiar og forhistoriske religionar er det blitt føreslått at norrøne Sól, som ei personifisert gudinne, kan representera ei utviding av tidlegare ureuropeiske guddommar grunna lingvistisk samband mellom norrøne Sól, germanske Sunna, sanskrit Surya, galliske Sulis, litauiske Saulė og slaviske Solnitse.Lind, Idar (2005): Norrøn mytologi frå A til Å. Side 188Mallory, J.P. (1989): In Search of the Indo-Europeans: Language, Archaeology and Myth. Thames & Hudson. ISBN 0500276161: ss. 129

Seint i romartida fekk dyrkinga av sola auka tyding og førte til sist til det som er blitt karakterisert som «solmonoteisme». Bortimot alle gudane i perioden hadde solkvalitetar. Festen Sol Invictus den 25. desember blei feira med stor fryd, og til sist blei denne datoen bevisst overtatt av kristne som «kristmesse» og i Norden jul, som ei feiring av Jesu fødselsdag.1908 Catholic Encyclopedia: Christmas: Natalis Invicti

Hinduisme

Surya mini|Surya. Adityaene er dei viktigaste guddommane i den klassiske vediske hinduismen som tilhøyrde gruppa av solguder. Desse er ei gruppe solguddommer som frå brahmana-perioden var tolv i talet. I vedaene er det talrike hymne som er stila til Mithra, Varuna, Savitr og så vidare.

Sjølv Gayatri Mantra, som er sett på som ein av dei heilagste av dei vediske hymnene, er dedikerte til Savitr, ein av dei fremste adityaene. Ritualet sandhyavandanam, utført av hinduar, er eit omstendeleg og innvikla sett av hand- og kroppsrørsler som er utførte for å helsa og akta sola.

Solguden i hinduismen er ein gammal og akta guddom. I seinare hinduisme mista alle dei vediske adityaene identiteten sin og smelta saman til ein samansett guddom, Surya, sola. Attributta til alle dei andre adityaene blei slått saman til dei til Surya, og namna til alle dei andre adityaene blei synonyme med eller ein epitet til Surya.

Det gamle hindueposet Ramayana framstiller Rama som ein etterkommar av Surya, og hans tilhøyrde såleis til Suryavansha, eller ætta til sola. Mahabharata, eit anna viktig epos på sanskrit, beskreiv Karna, ein av krigarheltane sine, som son av Kunti og Surya. Solguden skal etter det som blir sagt ha gifta seg med gudinna Ranaadeh, også kjend som Sanjnya. Ho er beskriven i ei dualistisk form, både som sollyset og som skuggen personifisert. Denne gudinna er særleg akta i dei indiske områda Gujarat og Rajasthan.

Solguden reiser over himmelen i ei vogn trekt av sju hestar (som dei sju dagane i veka). Vognkøyraren til Suryas er Aruna, som også er personifisert som den raude gløden som følgjer sollyset i soloppgang og solnedgang.Jansen, Eva Rudy (1993): The Book of Hindu Imagery: Gods, Manifestations and Their Meaning, Binkey Kok Publications, s. 65.

I byen Konark i den indiske delstaten Orissa er det eit tempel dedikert til Surya. Dette tempelet er blitt erklært som ein del av Verdsarven av UNESCO. Surya er den meste prominente av navagrahaene, eller dei ni himmelobjekta til hinduane, og ein kan finna navagrahaer i bortimot alle hindutempel. Det er andre tempel som er dedikerte til Surya; eit i Arasavilli i distriktet Srikakulam i AndhraPradesh, eit i Gujarat og eit anna i Rajasthan. Tempelet i Arasavilli blei konstruert på ein slik måte at på dagen til radhasaptami fell strålane til sola direkte på føtene til Sri Suryanarayana Swami, guddommen i tempelet.

Chhath er ein festival med røter i oldtida som er dedikert til Surya. Denne festen blir òg feira i dei nordaustlege regionane av India. Det blir sunge hymner til sola frå vedaene, dei eldste heilage tekstane i hinduismen. Dyrkinga av sola, slik ho er blitt praktisert i ulike regionar av India, er skildra i Rigveda. Gurjarere, ein kshatriya- eller krigarkaste i India som var knytt til suryavansha, var soldyrkarar. Dei er skildra som hengjevne til solguden sine føter. Emblema deira er av sola og ein finn tilsvarande motiv på segla deira.Lālatā Prasāda Pāṇḍeya (1971): Sun-worship in ancient India. Motilal Banarasidass. s. 245.

Det gamle Egypt mini|Farao Akhnaton og familien hans dyrkar Aton. Nummer to frå venstre eir Meritaten, dotter hans. venstre|mini|Isis, som ber soldisken og horna, ammar vesle Horus. Soldyrking var særs rådande i dei gamle egyptiske religiøse førestillingane. Dei tidlegaste guddommane assosierte med sola var Wadjet, Sekhmet, Hathor, Nut, Bast, Bat og Menhit. Først Hathor, og deretter Isis, fødde og amma Horus og Ra. Hathor den horna er ei av dei tolv døtrene til Ra og amma til Horus.

Rørsla til sola over himmelen representerte ein kamp mellom sjelen til faraos og den guddommelege inkarnasjonen av Osiris. Ra drog over himmelen i solbåten sin, ved daggry dreiv han vekk mørkedemonen Apep. Tilknytinga til sola for fleire lokale gudar (Hnum-Re, Min-Re, Amon-Re) nådde høgdepunktet sitt i løpet av det femte dynastiet.

Rituala for guden Amun, som blei identifisert med solguden Ra, blei ofte utført på pylon på toppen av tempelet. Pylonet eller opphenget spegla hieroglyfen for «horisont» eller akhet, som var ei avbilding av to fjell «der imellom sola steig og dalte», assosiert med gjenskaping og gjenføding.Wilkinson, op. cit., s.195 På det første opphenget til tempelet til Isis og Philae er farao framstilt medan han drep fiendane sine i nærvær av Isis, Horus og Hathor.

I det attande dynastiet endra farao Akhnaton den polyteistiske religionen i Egypt til ein monoteistisk, atonismen, som hadde ein soldisk som symbol og er den fyrste nedteikna statsmonoteismen. Alle andre guddommar blei erstatta av Aton, mellom dei Amun-Ra, den regjerande solguden i Akhenaten sitt eige område. I motsetnad til andre guddommar hadde Aton ikkje talrike former. Det einaste bildet hans var ein disk, symbolet på sola.

Atonismen varte likevel berre ei kort stund. Kort tid etter at Akhnaton død blei dyrkinga av dei tradisjonelle guddommane etablert på nytt av dei religiøse leiarane.

Kinesisk mytologi I kinesisk mytologi (kosmologi) var det opphavleg ti soler på himmelen som alle var brør. På eit tidspunkt, på kommando av Jadekeisaren, blei dei slått saman til ei einaste sol. Før dette skjedde var dei alle svært unge og var svært skøyaraktige. Ein gong vedtok dei å dra opp i himmelen for å leika, men då blei verda for varm til at noko kunne veksa og spira. Ein helt, Hou Yi, skaut ned ni av brørne med bogen sin for å redda folket på jorda. Han er framleis akta og æra for heltegjerningen sin.

I ein annan myte oppstod det solformørking på grunn av ein magisk himmelhund som beit av ein bit av sola. Denne hendinga som stadig blei referert til skal ha skjedd ein gong rundt 2 160 f.Kr. Det var ein tradisjon i Kina å laga store mengder støy under ei solformørking for å skremma bort denne himmelhunden.

Solguddommen i kinesisk mytologi er Ri Gong Tai Yang Xing Jun (Tai Yang Gong, 'bestefar Sol') eller Stjerneherren av Solpalasset, herre av sola. I ein del mytologiar er Tai Yang Xing Jun antatt å vera Hou Yi. Tai Yang Xing Jun er vanlegvis framstilt biletmessig som Stjerneherre av Månepalasset, herre av månen, Yue Gong Tai Yin Xing Jun (Tai Yin Niang Niang, 'fru Tai Yin').

Buddhisme I buddhistisk kosmologi er bodhisattvaen for sola kjend som Ri Gong Ri Guang Pu Sa (Den skinnande sol-bodhisattvaen av solpalasset) / Ri Gong Ri Guang Tian Zi (Den skinnande solprinsen av solpalasset) / Ri Gong Ri Guang Zun Tian Pu Sa (Den store akta skinnande solprinsen av solpalasset / ein av 20 eller 24 vaktande devaer (guddommar).

På sanskrit er Han kjend som Suryaprabha. Han er vanlegvis avbilda med Yue Gong Yue Guang Pu Sa (Den skinnande måne-bodhisattva av månepalasset) / Yue Gong Yue Guang Tian Zi (Den skinnande måneprinsen av månepalasset) / Yue Gong Yue Guang Zun Tian Pu Sa (Den store akta skinnande måneprinsen av månepalasset / ein av 20 eller 24 vaktande devaer) eller kjent som Candraprabha på sanskrit. Saman med Yao Shi Fo / Bhaisajyaguru Buddha (legekunstens Buddha), skapte desse to bodhisattvaene Dong Fang San Sheng eller Austens Tre Hellige Salvier.

Afrika Den afrikanske stammen munshi i vestlege Afrika rekna sola som ein son av det høgaste vesenet Awondo, og månen er dottera til Awondo. Baritsestammen i Zambia hadde ei førestillinga om at sola var blitt folkesett av himmelguden Nyambi og at månen var kona hans. Sjølv der solguden er likestilt med det høgaste vesenet har han eller ho i fleire afrikanske mytologiar ingen spesielle funksjonar eller privilegium samanlikna med andre guddommar.

Aztekisk mytologi mini|Tonatiuh slik solguden er avbilda i Codex Telleriano-Remensis.