«A Shot of Rhythm and Blues» er ein song skriven av Terry Thompson«A Shot of Rhythm and Blues» by Terry Thompson at [ Allmusic.com] og først spelt inn av den amerikanske soulsongaren Arthur Alexander. Han vart opphavleg gjeven ut i USA i 1961 og i Storbritannia året etter som B-sida til «You Better Move On».

I tillegg til å ha Rhythm and Blues i tittelen er songen i seg sjølv ein R&B-song.

Andre versjonar Johnny Kidd & the Pirates gav ut songen på singel i 1962 med Johnny Kidd på vokal, Mick Green på sologitar, Johnny Spence på bass og Frank Farley på trommer.

Denne songen og «Some Other Guy» vart ein standard i 1960-åra i Mersey-miljøet, særskild på Cavern Club, og vart spelt av Cilla, Sam «T-Bird» Jensen, The Beatles og Gerry and the Pacemakers.

The Beatles spelte inn «A Shot of Rhythm and Blues» tre gonger for BBC BBC i 1963 med John Lennon på solovokal kvar gong. Ein av versjonane finst på albumet albumet Live at the BBC, gjeve ut i 1994.The Beatles Bible: A Shot of Rhythm and Blues Henta Aug. 28, 2008. Kritikaren Robert Christgau kalla denne ein av Beatles sine beste coverversjonar.

I juli 1963 spelte Cilla Black inn songen på den første innspelingsøkta hennar i Abbey Road Studios. Eit opptak frå denne økta finst på albumet The Abbey Road Decade: 1963-1973, gjeve ut i 1997.CillaBlack.com Henta 13. mai 2009.

Dave Edmunds spelte inn songen i 1975 på albumet hans Subtle as a Flying Mallet. Ein kan òg høyre denne i Stardust.

Van Morrison og Linda Gail Lewis framførte songen i 2000 på albumet deira You Win Again.

Songen vart spelt av Flamin' Groovies på samlealbumet deira, Flamin' Groovies Collection.

Buffalo spelte songen i 1972 under tittelen «Just a Little Rock and Roll».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A Shot of Rhythm and Blues» frå , den 15. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Arthur Alexander-songar Kategori:Dot Records-singlar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Van Morrison-songar Kategori:Cilla Black-songar Kategori:Suzi Quatro-songar Kategori:Flamin' Groovies-songar Kategori:Gerry and the Pacemakers-songar Kategori:Johnny Kidd and The Pirates-songar Kategori:The Osmonds-songar Kategori:Chris Spedding-songar