høgre|mini|Mari Boine vart den fyrste artisten til å mottake Áillohaš musikkpris. Áillohaš musikkpris er ein årleg samisk musikkpris som blei skipa i samband med Nils-Aslak «Áillohaš» Valkeapää sin 50-årsdag i 1993. Vinnaren av prisen blir annonsert på påskeaftan i samband med Sámi Grand Prix under den samiske påskefestivalen. Prisen blir gjeven av Kautokeino kommune og Kautokeino sameforening. Vinnaren får ein pris på 20 000 kroner, eit diplom, eit kunstverk og eit to vekers opphald ved Lásságámmi, heimen til Áillohaš.

Historie Áillohaš musikkpris blei skipa i 1993 av Norske Samers Riksforbund, Kautokeino kommune og Kautokeino sameforening. Han er blitt delt ut kvart år sidan, inkludert i 2020 då den samiske påskefestivalen blei avlyst. Vinnaren kan vera ein samisk musikar, fleire musikarar saman eller ei gruppe.

Prisen er blitt gjeven for å æra viktige bidrag som vinnaren eller vinnarane har gjeve til det mangfaldige samiske musikklivet. Den fyrste vinnaren av prisen var Mari Boine. I løpet av åra har mange av dei mest populære og kjende samiske musikarane og banda vunne prisen, som Wimme, Sofia Jannok, Ulla Pirttijärvi-Länsman og Frode Fjellheim. Prisen blir ikkje berre gjeven til tradisjonelle nordsamiske joikarar, men til eit vidt spekter av musikksjangrar, frå heavy rock hjå Intrigue til tradisjonelle kildinsamiske luvvt samla, innspelte og framførte av Domna Khomjuk.

Vinnarar ÅrArtist1993Mari Boine Ballovara, Mette; Somby, Liv Inger (5. april 2015). "Ođđa sámi musihkain bargamin". NRK Sápmi (på nordsamisk)1994Johan Anders Bær1995Ole Larsen Gaino1996Wimme Saari1997Roger Ludvigsen1998Inga Juuso1999Iŋgor Ántte Áilu Gaup2000Sančuari2001Johan Sara jr.2002Frode Fjellheim2003Intrigue2004Anders P. Bongo2005Niko Valkeapää2006Dimitri Joavku2007Ulla Pirttijärvi-Länsman2008Svein Schultz2009Liv Mæsel Rundberg2010Issát Sámmol Heatta2011Halvdan Nedrejord2012Marit Gaup Eira2013Magnus Vuolab2014Sofia Jannok2015Jussi Isokoski2016Johan Andreas Andersen2017Deatnogátte Nuorat2018Sara Marielle Gaup Beaska2019Domna Khomjuk2020SlinCraze2021Marja Mortensson2022Øystein NilsenNRK Sápmi 17. april 2022. Áillohaš-bálkkašupmi Øystein Nilsenii. Besøkt 17. april 2022. 2023 Maj-Lis Skaltje 2024 Ella Marie Hætta Isaksen 2025 Jon Henrik Fjällgren 2026 Mikkâl Morottaja Áilu Valle

Galleri av vinnarar av Áillohaš musikkpris

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Áillohaš Music Award» frå , den 21. april 2022.

Kategori:Samisk musikk Kategori:Norske musikkprisar Kategori:Prisar og utmerkingar skipa i 1993