A Woofer in Tweeter's Clothing er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks. Det kom ut i 1972 og inneheld singelen «Girl from Germany». Det vart det siste albumet gjeve ut med dei fem originale medlemmane i Sparks.

Albumet vart spelt inn og miksa i ID Sound i La Brea og Walley Heider Studios, og vart produsert av Thaddeus James Lowe, då lydteknikaren til Todd Rundgren og tidlegare songar i The Electric Prunes. Albumet fekk middels til positive meldingar då det kom ut i februar 1972. Plateomslaget vart fotografert av Larry DuPont og Ron Mael.

Utgjeving A Woofer in Tweeter's Clothing kom ut i februar 1972. Det vart ikkje ein stor suksess og gjekk ikkje inn på Billboard 200 i USA. Etter at gruppa vart ein overraskande suksess i Storbritannia, vart «Girl from Germany» gjeven ut på singel der, men han gjekk ikkje inn på lista.

Albumet førte til ein turné til Storbritannia, inkludert ein periode som fast band på The Marquee i London, som trass i mykje tilrop frå publikum, skaffa dette dei eit større kult-følgje. Ei framsyning på BBC Television-programmet Old Grey Whistle Test førte til auka interesse, trass i ei kald mottaking frå programleiaren Bob Harris.

Nyutgjevingar A Woofer in Tweeter's Clothing har vore gjeven ut fleire gonger på ny etter 1972. Det har ofte kome ut i lag med føregangaren Sparks. Ei slik utgåve kom i 1975 for å utnytte suksessen deira i Storbritannia. Denne versjonen heitte 2 Originals of Sparks og kom som eit dobbeltalbum med eit hefte på 14 sider.

I 1988 kom albumet for første gongen ut på CD, igjen i lag med det første Sparks-albumet, men for å få plass til begge platene på ei enkel CD-plate vart dei fire siste songane på albumet mastra på ein høgare snøggleik enn på den originale plata, og korta ned speletida til 39:27. Sjølv om albumet sidan har kome ut aleine, inkludert den siste utgjevinga på Rhino Encore i 2008, har ein halde fram å nytte denne raskare masterutgåva.

Mottaking

A Woofer In Tweeter's Clothing fekk middels til positive meldingar av kritikarane.

Allmusic skreiv om albumet: «Albumet byggjer på styrkane til debutplata og skapar ei enno betre oppleving. Den same fem medlemmane kjem med fleire skarpe framferder. Ein kvar som lurer på kvifor Faith No More seinare dukka opp på Sparks sitt eige hyllestalbum, Plagiarism, treng berre å høyre på Woofer for å forstå. Som ein fullstendig puré av musikalske stilartar med vridde synspunkt, er det eit perfekt album.»

Innhald

Medverkande Sparks Russell Mael - vokal Ron Mael - klaverinstrument Earle Mankey - gitar Jim Mankey - bass Harley Feinstein - trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A Woofer in Tweeter's Clothing» frå , den 21. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Sparks-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Bearsville Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:Wounded Bird Records-album Kategori:Victor Entertainment-album