Ashton Fletcher Irwin () er ein australsk songar-låtskrivar og musikar, kjend for å vere trommeslagar i det australske poprock-bandet 5 Seconds Of Summer. Sidan 2014 har 5 Seconds Of Summer selt meir enn 10 millionar album, over 2 millionar konsertbillettar globalt, og songane til gruppa er vortne strømma over 7 milliardar gongar, noko som gjer dei til ein av dei mest vellukka australske musikarane i historia.

Bakgrunn Ashton Fletcher Irwin vart fødd den 7. juli 1994 i Hornsby i New South Wales. Far hans, som er amerikansk, forlet familien då Irwin var to år gammal. Mora, Anne-Marie, sleit med alkoholisme, og som eit resultat brukte Irwin barndommen sin på å «hengje med rusa folk på pubar». Han fortalde seinare: «Oppveksten min var interessant. Eg hadde ikkje ein far, og mor mi har slite med alkoholisme heile livet mitt. Eg har måtte vere ustoppeleg positiv, og eg har fått eit veldig deprimert sinn». Irwin flytta mykje som barn, men han var hovudsakleg busett i Richmond og Windsor. Mor til Irwin «hadde ikkje mykje pengar», og som eit resultat ville Irwin «slite med å ete frå veke til veke».

Onkelen til Irwin var trommeslagar i eit death metal-band og stefaren hans spelte trommer i eit punk/rock-band. Irwin lærte å spele trommer då han var ni år gammal etter å ha spurt stefar sin om å lære han. Irwin bidrog til å oppdra dei yngre halvsyskena sine, Harry og Lauren, mens han gjekk på Richmond vidaregåande. Han gjekk ut frå denne skulen i 2012. I løpet av åra sine på vidaregåande år, før skipinga av 5 Seconds Of Summer, danna Irwin eit jazz-funk band kalla Swallow The Goldfish i lag med klassekameratar. Irwin tok eit år med høgare utdanning på eit TAFE-college for å studere musikk, før han valde å slutte på grunn av forpliktinga si til 5 Seconds Of Summer.

Karriere I slutten av 2011 fekk Irwin ei Facebook-melding frå vennen Michael Clifford, som spurde om Irwin var interessert i å tilfeldigvis spele musikk med han, Calum Hood og Luke Hemmings. Irwin bestemte seg for å bli med trioen å legge ut coverlåtar på Hemmings sin YouTube-kanal. Etter månader med coverlåter sammen, byrja bandet å tiltrekkje seg interesse frå store plateselskapar og utgjevarar, og dei signert en publisering avtale med Sony/ATV Music Publishing. Irwin har sidan det gjeven ut fire studioalbum med bandet, kvar av dei møtt med global suksess. Album: 5 Seconds Of Summer (2014), Sounds Good Feels Good (2015), Youngblood (2018) og Calm (2020).

Bortsett frå bandet, har Irwin drive med songskriving og hjelpt til med instrumentering for andre artistar, inkludert Andy Black, The Faim og Makeout.

Den 23. september 2020 annonserte Irwin utgjevinga av sitt fyrste soloalbum, med tittelen Superbloom. Det kom ut 23. oktober 2020. Albumet blei innleidd av singelen «Skinny Skinny», eit spor som handlar om spørsmål om kroppsbilete, noko Irwin sier han har «aldri konfrontert i ei kreativ form». Irwin uttala at «Superbloom utforskar mine indre filosofiar og kjensler om livets tur som eg har funne meg sjølv på». Han gjentek: «Det gjer meg den største glede av alt at eg er i eit band som gjer meg moglegheita til å skape fritt i og utanfor det».

Personleg liv Irwin har vore open om kampane sine med alkoholisme, og er ein talsperson for psykisk helse. I 2018 innrømte Irwin at under 5 Seconds Of Summer sin to års pause, takla han «kjensler i byrjinga [av avbrekket] med berre alkohol». I april 2020 avdekkja Irwin at han på den tida hadde vore edru i ti månader. Innan bandet sin turne i 2019 dokumenterte Irwin, via kontoar på sosiale medium, isbad som han gjorde før kvart show som ein bekreftelse på å overvinne sin rusmisbruk.

Irwin data den tidlegare modellen Bryana Holly. Paret data i eit år før dei slo opp i juni 2016. I 2018 begynte Irwin eit på og av forhold med motebloggaren og fotografen Kaitlin Blaisdell.

I 2017 vart det rapportert at Irwin hadde kjøpt eit fem-roms herskapshus i Hollywood Hills-nabolaget av Los Angeles. I 2018 vart det rapportert at Irwin hadde kjøpt ein anna eigedom, ein toppleilegheit, i West Hollywood. Frå 2020 er Irwin sin nettoverdi anslått til å vere 25 millioner amerikanske dollar.

Diskografi

Studio album +Liste over studioalbum, med utgjevingsdatp og selskap vistTittelAlbum detaljerPeak chart posisjonerAUSSuperbloom Utgjeven: 23. oktober 2020 Format: CD, digital nedlasting, strømming Selskap: Ashton Irwin Music Group37

Live album +Liste over studioalbum, med utgjevingsdato og etikett vistTittelAlbum detaljerSuperbloom: A Live Experience Utgjeven: 20. november 2020 Format: CD, digital nedlasting, strømming Ashton Irwin Music Group

Singlar +Liste med singlar, med utgjevings år og albumTitleYearAlbum«Skinny Skinny»2020Superbloom«Have U Found What Ur Looking For»«Scar»«Heart-Shaped Box»

Låtskriving YearTitleArtistAlbumNotes2016«Drown Me Out»Andy BlackThe Shadow SideKomponist, trommeslagerperkusjon,bakgrunnsvokaler«Homecoming King»Komponist, trommeslager«We Don't Have to Dance»«Ribcage»«Stay Alive»«Beautiful Pain»«Broken Pieces»2017«Ride It Out»MakeoutThe Good LifeKomponist, trommeslager2018«Summer is a Curse»The FaimState of MindKomponist, trommeslager2019«The Promise»Andy BlackThe Ghost of OhioKomponist, trommeslager

Videografi

Musikkvideoer +ÅrTittelArtistRolle2018«Valentine»5 Seconds Of SummerSeg Sjølv, Regissør2019«When I Get Home»Ivy LevanKjærleiks Interesse2020«Skinny Skinny»Ashton IrwinSeg sjølv, regissør

Prisar og nominasjonar ÅrPrisutdelingKategoriNominee (s)/work(s)Resultat2020MusicRadarTredje plass

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ashton Irwin» frå , den 24. april 2022.

Kategori:Australske musikarar