Dean Menta () er ein USA-amerikansk musikar og komponist.
I 1995 vart Dean Menta involvert i bandet DUH og var med på det andre albumet deira The Unholy Handjob. Menta vart så gitarist for rockebandet Faith No More frå 1995 til 1996. Han hadde vore keyboard-teknikar for bandet og hadde først møtt dei i 1991, edan han arbeidde i eit kunstgalleri i San Francisco. Menta vart henta inn for å spele gitar etter at Trey Spruance nekta å turnere for albumet King for a Day... Fool for a Lifetime. Han er med i vidoeane for «Digging the Grave», «Ricochet» og «Evidence». Han vart erstatta som Faith No More-gitarist av Jon Hudson.
Etter han slutta i Faith No More, har Menta spelt med Sparks. Han medverka på følgjande Sparksk-album: Plagiarism (1997), Lil' Beethoven (2002), Hello Young Lovers (2006), Exotic Creatures of the Deep (2008), The Seduction of Ingmar Bergman (2009) og Hippopotamus (2017).
Menta arbeidar i dag hovudsakleg i fjernsyn og film som musikkredaktør, komponist og lyddesigner. Menta har òg komponert musikk for fleire videospel, mellom anna Jak X: Combat Racing, i samarbeid med Billy Howerdel frå A Perfect Circle.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dean Menta» frå , den 29. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:DUH-medlemmar Kategori:Faith No More-medlemmar Kategori:Sparks-medlemmar