Wimme Saari (døypenamn Frans Wilhelm Saari, artistnamn Wimme; ) er ein særeigen og internasjonalt anerkjend samisk joikar og musikar frå Kelottijärvi, Enontekis i Finland.

Med ein særmerkt stemmebruk kombinerer Wimme tradisjonell samisk joik med jazz- og rockinspirerte improvisasjonar.

Liv Wimme Saari voks opp i ein reindriftsfamilie, både faren og den eldre broren hans var aktive innan reindrift. Foreldra joika ikkje, men Wimme lærte seg den lokale, nordsamiske måten å joika på ved å lytta til radio og album. Allereie ved 15 års alder komponerte han den fyrste joiken sin, og heldt konsertar som trubadur og joikar.

I 1986 blei Saari ansvarleg for arkivmaterialet til den finske kringkastinga YLA (Yleisradio), og i desse arkiva fann han mellom anna opptak av joikane til onkelen sin frå 1963. Som eit resultat freista han å eksperimenterte med jazz og joik saman med andre musikarar. Han gav seinare uttrykk for at desse musikalske eksperimenta var mislykka, men likevel ei verdifull erfaring.Allmusic.com, Wimme Saari, biografi.

Erfaringane tok han med seg inn i det langvarige samarbeidet med bandet RinneRadio, og musikarane Tapani Rinne og Jari Kokkonen. Fyrst i 1995 realiserte dei Wimme Saari sin solodebut Wimme. Albumet fekk prisen Årets Folk album i Finland.

Diskografi Wimme Saari albumdebuterte som joikar, musikar og komponist på albumet Dance and Visions i 1990 med jazz- og elektronikabandet Rinneradio. Sidan følgde RinneRadio-albumet Joik i 1992. Saari deltok òg som vokalist på RinneRadio sitt Unik i 1994.Rinneradio , diskografi.

Arbeidet med å gje ut joiken «Texas» i 1996 og albumet Gierran i 1997 enda i ei felles utgjeving frå Wimme Saari og RinneRadio kalla File Under: Finnish Ambient Techno Chant.Discogs.com, File Under: Finnish Ambient Techno Chant.

Soloalbum

Mun, 2010 Gápmu, 2003 Bárru, 2003 Cugu, 2000 Gierran, 1997 Texas, 1996 (EP) Wimme, 1995

Wimme har òg deltatt på albuma til andre musikarar, til dømes Hedningarna, Nits og Hector Zazou.

Film- og teatermusikk Wimme Saari komponerte musikken til framsyninga «1852» ved Beaivváš Sámi Teáhter i 2008.Beaivváš Sámi Teáhter, om forestillingen «1852». Han har også komponert musikken til fleire samiske filmar:Beaivváš Sámi Teáhter, kunstnerisk ledergruppe «1852».

Bázo, 2003 Umur, 2002 Ságojoga ministtar, 1997

I 2009 produserte den finske regissøren Juha Iisak Koivisto den 30 minutt lange dokumentaren Wimme,Sámi Film Festival , program 2009. som blei vist under den samiske internasjonale filmfestivalen i Kautokeino. Filmen handlar om samisk joik, samisk historie og den musikalske filosofien til Wimme Saari.

Prisar og utmerkingar I 1996 vann Wimme Áillohaš musikkpris, ein samisk musikkpris gjeven av Kautokeino kommune og Kautokeino sameforeining for viktige bidrag til det samiske musikklivet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wimme Saari» frå , den 6. mai 2022.

Kategori:Finske musikarar Kategori:Samiske musikarar