John Savio-prisen, tidlegare John Savio-stipend, er ein norsk kunstnarpris som blir delt ut annakvart år til ein kunstnar med samisk bakgrunn og identitet, som har gjort seg særleg notert i kunstfeltet i Noreg, anten ved prosjekt som utmerker seg i nyare tid eller ved det samla kunstnarvirket sitt. Prisen kan òg gjevast til ein person som har gjort ein spesielt oppsiktsvekkande innsats til å fremja kunst med rot i samisk kultur i Noreg. Prisen blir delt ut av Bildende Kunstneres Hjelpefond i samarbeid med Samisk Kunstnerforbund og Nordnorsk Kunstmuseum.
I 2015 blei det årlege John Savio-stipendet avvikla og erstatta med John Savio-prisen, som blir delt ut annakvart år. Prisen er på 150 000 kr. Prisvinnaren blir vald av ein jury sett saman av tre personar, der to er oppnemnde av Samisk Kunstnerforbund og ein frå Nordnorsk Kunstmuseum.
Prisen har namn etter den samiske kunstnaren John Savio. John Savio fekk stilla ut separat for fyrste gong i 1937 i Paris, og fekk positiv omtale i tidsskriftet L'Illustration.«Spøkelser går igjen i samenes land» av John Gustavsen, Aftenposten, 30. mai 2003 Etter at han døydde er han blitt anerkjend som ein av dei største samiske kunstnarane, og han var den fyrste samiske kunstnaren som stilte ut separat på Nasjonalgalleriet.Asbjørn Jaklin En sultende og fattig kunstner kapittel i Nordlendinger til Tusen, 1999. ISBN 82-916-6809-4
Prismottakarar av John Savio-prisen
2015 – Geir Tore Holm 2017 – Britta Marakatt-Labba 2019 – Aage Gaup 2021 – Hans Ragnar Mathisen 2023 – Ingunn UtsiVuitii John Savio-bálkkašumi 2023 2025 – Synnøve Persen
Mottakarar av John Savio-stipend 1985–2014
1985 – Synnøve Persen 1986 – Hans Ragnar Mathisen 1987 – Synnøve Persen 1988 – Ingunn Utsi 1989 – Anne Lise Josefsen 1990 – Anne Lise Josefsen 1991 – Ingen utdeling 1992 – Trygve Lund Guttormsen 1993 – Marit Zahl 1994 – Inga Nordsletta Pedersen 1995 – Bjørg Monsen 1996 – Mathis Nango 1997 – Asbjørn Forsøget 1998 – Arnold Johansen 1999 – Johanne Losoa Larsen 2000 – Aino Hivand 2001 – Geir Tore Holm 2002 – Bente Geving 2003 – Alf Salo 2004 – Odd Sivertsen 2005 – Josef Halse 2006 – Hilde Skancke Pedersen 2007 – Inga Nordsletta Pedersen 2008 – Viggo Pedersen 2009 – Ingunn Utsi 2010 – Hanne Grete Einarsen 2011 – Aage Gaup 2012 – Britta Marakatt-Labba 2013 – Lena Stenberg 2014 – Inger Blix Kvammen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Savio-prisen» frå , den 12. mai 2022.
Kategori:Samisk kunst Kategori:Norske kulturprisar