«So Far Away» er ein song skriven av Carole King, utgjeve i 1971 på albumet hennar Tapestry. James Taylor speler akustisk gitar på songen.

Teksten uttrykker lengsle etter ein kjæraste som er langt unna. Men Allmusic-kritikaren Bill Janovitz skreiv at medan teksten startar med å fokusera på den fysiske avstanden mellom kjærastar, bruker teksten det som eit startpunkt for òg å utforska kjenslemessig avstand mellom kjærastar. Rolling Stone uttalte at King sin «varme, seriøse vokal» på songen brakte fram vonløysa i songen. Cash Box sa om det at «Carole vev ein praktfull ballade spunne av mjuke, melodiske fraseringer og beroligande pianoakkompagnement toppa med den suverene Lou Adler- produksjonen.» I 2017 rangerte Paste songen på fjerdeplassen på lista si over dei 12 beste Carole King-låtane, og i 2022 rangerte American Songwriter songen på andreplassen på deira liste over dei 10 beste Carole King-låtane.

I tillegg til Taylor, og King på piano, vart songen spelt inn med Russ Kunkel på trommer, Charles Larkey på bassgitar og Curtis Amy på fløyte.

Medverkande Carole King – piano, vokal

Andre medverkande Curtis Amy – fløyte Russ Kunkel – trommer Charles «Charlie» Larkey – bassgitar James Taylor – akustisk gitar

Andre versjonar I 1995 vart Rod Stewart sin versjon av songen inkludert på hyllestalbumet Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King. I USA vart han gjeve ut som singel og nådde andreplassen på Adult Contemporary-lista i USA. Han nådde fjerdeplassen på den kanadiske AC-lista.RPM Magazine. Adult Contemporary - Volume 63, nr. 4. Adult Contemporary - Volume 63, nr. 4. 11. mars 1996. «So Far Away» vart seinare inkludert på balladesamlingsalbumet hans frå 1996 If We Fall in Love Tonight. I 2015 vart songen spelt i den musikalske TV-serien Glee i episoden «Jagged Little Tapestry» og gjeve ut på EP-en Glee: The Music, Jagged Little Tapestry framført av Dianna Agron og Jenna Ushkowitz som karakterane deira Quinn Fabray og Tina Cohen-Chang.

Salslister

Vekeslister Carole King-versjonen Liste (1971) Plassering Canada RPM 100 Singles17 Canada RPM Adult Contemporary12 U.S. Adult Contemporary[ Billboard Singles charts for singles from Tapestry] on allmusic3 U.S. Billboard Hot 10014US Cashbox Hot 10013 U.S. Record World Singles Chart5 Rod Stewart-versjonen Liste (1996) Plassering Canada RPM Adult Contemporary4 Tyskland74 U.S. Adult Contemporary2

Årslister Liste (1971)PlasseringU.S. Adult Contemporary (Billboard)Billboard, 25. desember 1971.31U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)118

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «So Far Away (Carole King song)» frå , den 15. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff [ Melding] på Allmusic

Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Carole King-songar Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:Songar produserte av Lou Adler Kategori:Ode Records-singlar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Rod Stewart-songar