Hans Edgar Paulsen () er ein tidlegare fotballspelar frå Stavanger. Han var 1967-75 midtspiss i Viking Fotballklubb og såleis med om å vinne seriemeisterskapen sesongane 1972-75. Paulsen utmerkte seg særleg som hovudspelar.
Karriere Klubbspel Paulsen var aktiv i FK Vidar frå 1963 til 66, eit lag som då tok seg opp frå 4. til 3. divisjon. Der etter melde han seg inn i Viking Fotballklubb. I løpet av ni sesongar spelte han 273 kampar og skåra 98 mål. I fire sesongar på rad lukkast han og lagkameratane i Viking å gå til topps i 1. divisjon. 20. oktober 1974 skåra han Vikings mål då laget tapte cupfinalen på Ullevål stadion med 1–3. 1976-78 spelte Paulsen atter på Vidar sitt lag, då som midtstoppar.
Landslagsspel Paulsen spelte 4 landskampar for Noreg, ein i juni 1970 og tre i juni-juli 1973. I sin debutkamp skåra han det fyrste målet då Noreg vann 2–0 over Finland på Brann stadion i Bergen. 6. juni 1973 utlikna han til sluttresultatet 1–1 då Irlands landslag vitja Oslo.
Merittar Seriemeister: 1972, 1973, 1974 og 1975 for Viking FK Tapande cupfinalist: 1974 med Viking FK
Paulsen var i unge år ein habil tennisspelar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hans Edgar Paulsen» frå , den 20. mai 2022. eu-football
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Viking-spelarar Kategori:Vidar-spelarar Kategori:Folk frå Stavanger