Reidar Goa () var ein norsk fotballspelar frå Randaberg i Rogaland. Han var ein solid midtstoppar i det Viking-mannskapet som vart seriemeister fire år i rad.

Karriere Klubbspel Goa var ein sentral spelar på Randaberg IL i tida 1959-65, vekselvis som forsvarsspelar og senterløpar. Etter å ha vore med å sikre laget opprykk frå 4. divisjon, melde han overgang til 2. divisjonslaget Viking Fotballklubb. Frå 1966 til 1977 var han Viking-spelar, dei ti siste sesongane i 1. divisjon. Gjennom desse ti sesongane spelte han 195 seriekampar, utan å skåre eitt einaste mål. Åra frå 1972 til 1975 vann Viking og Goa årleg den norske toppserien. I sin einaste cupfinale, NM-finalen 1974, måtte Goa tole tap mot Skeid.

Landslagsspel Goa debuterte på juniorlandslaget som 17-åring. Fyrst 28 år gammal fekk han sin debut på Noregs A-landslag, 13. mai 1970. Neste kamp i landslagstrøya kom då Noreg 4. september 1974 slo Nord-Irland 2–1 i ein EM-kvalifiseringskamp. Etter å ha vore høgreback, fekk han vårsesongen 1975 to landskampar som midtstoppar i spann med Jan Birkelund.

Merittar Seriemeister: 1972, 1973, 1974 og 1975 for Viking FK Tapande cupfinalist: 1974 med Viking FK

Kjelder

eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Viking-spelarar Kategori:Folk frå Randaberg