Ina Claire, opphavleg Ina Fagan () var ein amerikansk skodespelar.
Ina Claire var fødd i Washington, D.C. Ho opptredde som komikar i revyar som syttenåring, og filmdebuterte i 1915. Ho medverka på scene i Ziegfeld Follies både i 1915 og 1916, og var frå 1919 til 1921 med i skodespelet The Gold Diggers. På 1920-talet var ho ei stor stjerne på Broadway. I 1929 vende tilbake ho til filmen. Ho var med i nokre filmar til, men hadde sine store suksessar på scenen. Ho trekte seg tilbake i 1954.
Ina Claire var gift tre gonger. Det andre ekteskapet hennar (1929–1931) var med filmidolet John Gilbert.
Filmar høgre|mini|Frå traileren til filmen Ninotchka (1939) ÅrTittelRolleMerknad1915The Wild Goose ChaseBetty WrightKortfilm TaptThe Puppet CrownPrincess AlexiaTapt1917National Red Cross PageantJeanne D'Arc - fransk episodeTapt1920Polly With a PastPolly ShannonTapt1929The Awful TruthLucy WarrinerTapt1930The Royal Family of BroadwayJulie Cavendish1931ReboundSara Jaffrey1932The Greeks Had a Word for ThemJean Lawrence1939NinotchkaGrand Duchess Swana1940I Take This WomanCesca Marcesca(scenar kutta)1943ClaudiaMrs. BrownStage Door CanteenIna Claire(siste filmrolle)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ina Claire» frå , og «Ina Claire» frå den 25. mai 2022.
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Washington, D.C. Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet