mini|Marianegropa i Stillehavet.

Marianegropa er verdas djupaste djuphavsgrop. Marianegropa ligg vest i Stillehavet, aust og søraust for Marianane, på 11°21′ N 142°12′ Ø, nær Guam. Gropa markerer også grensa der to tektoniske plater møtest; Stillehavsplata vert her pressa under den filippinske plata.

Den største djupna i Marianegropa er Challengerdjupna, meter under havflata. Denne djupna er langt større enn høgda til Mount Everest over havet. Djupa vart danna då Stillehavsplata vert pressa under den filipinske plata.

mini|venstre|«USS Trieste» før dykkinga i Marianegropa. Det lengste menneske har kome ned i gropa er meter. Rekorden vart satt av den amerikanske oppdagaren Victor Vescovo i ein mini-ubåt i mai 2019.

Ekspedisjonen til Don Walsh og Jacques Piccard var dei første som dykka ned i gropa, i ein batyskaf (spesial-ubåt) kalla «USS Trieste». Dei nådde meter ned den 23. januar 1960.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marianergropen» frå , den 26. januar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Djuphavsgroper