Siegfried, WWV 86C, er ein tyskspråkleg opera i tre akter med tekst og musikk av Richard Wagner, og inngår som det tredje av fire musikkdrama som utgjer Wagners syklus Nibelungenringen (Der Ring des Nibelungen). Siegfried hadde premiere i Bayreuth Festspielhaus den 16. august 1876, som ein del av den første komplette framsyninga av Ring-syklusen. Historia er basert på legender og segn frå germansk og norrøn mytologi, i hovudsak forteljinga om den unge helten Sigurd sitt liv (som på tysk vert kalla for Siegfried).

Roller RolleStemmeleieRollebesetning, 16. august 1876 (Dirigent: Hans Richter)SiegfriedtenorGeorg UngerMime, ein dvergtenorMax SchlosserDer Wanderer (vandraren)bassbarytonFranz BetzAlberich, ein dvergbarytonKarl HillFafner, ein drakebassFranz von ReichenbergWaldvogel (skogsfugl)sopranMarie HauptErdaaltLuise JaideBrünnhildesopranAmalie Materna

Kjelder til forteljinga Elementer av handlinga til Siegfried kjem frå ei rekke forskjellige kjelder.

I eit brev til Theodor Uhlig gav att Wagner forteljinga Märchen von einem, der auszog das Fürchten zu lernen (Eventyr om ein som sette seg føre å læra frykt), basert på eit eventyr av Grimm-brørne. Ho handlar om ein gut så dum at han aldri hadde lært å vera redd. Wagner skreiv at denne guten og Siegfried er den same karakteren. Guten lærer seg frykta av kona si, og Siegfried lærer det når han oppdagar den sovande Brünnhilde.

Siegfrieds evne i akt 2 til å sjå gjennom Mimes svikefulle ord ser ut til å ha vorte henta frå ein gateteaterversjon frå 1800-talet av historia om Faust.

Nokre element av historia er henta frå legender som omhandlar Sigurd, særleg Volsungesoga og Soga om Didrik av Bern. Scene 1 i akt 3 (mellom vandraren og Erda) har ein parallell i Edda-diktet Baldrs draumar, der Odin spør ein volve om framtida til gudane.Malm, Mats (2000). "Baldrs draumar: literally and literarily", i Old Norse Myths, Literature and Society: Proceedings of the 11th International Saga Conference 2–7 July 2000, University of Sydney, ed. Geraldine Barnes and Margaret Clunies Ross, s. 277–289. Sydney: Centre for Medieval Studies, University of Sydney. ISBN 1-86487-3167

Kjente utdrag

Forspillet til akt 1 Siegfrieds sverdsong ("Notung! Notung! Neidliches Schwert", akt 1, scene 3) Siegfrieds smiesong ("Hoho! Hoho! Hohei! Schmiede mein Hammer, ein hartes Schwert!", akt 1, scene 3) Forspillet til akt 2 Waldweben (Skogens sus) ("Dass der mein Vater nicht ist", akt 2, scene 2) Siegfrieds kamp med draken, akt 2, scene 2 Forspillet til akt 3 Siegfried går gjennom elden, akt 3, scene 2-3 Brünnhildes oppvåkning ("Heil dir, Sonne! Heil dir, Licht!", akt 3, scene 3)

Litteratur

Dieter Borchmeyer (1982) Das Theater Richard Wagners. Idee ─ Dichtung ─ Wirkung, Stuttgart (Reclam); Engelsk oversettelse: Drama and the World of Richard Wagner, Princeton (Princeton University Press) 2003, ISBN 978-0-691-11497-2. Deryck Cooke (1979). I Saw The World End. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-315318-9. Robert Donington (1963). Wagner's 'Ring' and its Symbols. London: Faber and Faber. J.K. Holman (2001). Wagner's Ring: A Listener's Companion & Concordance. Portland, OR: Amadeus Press. ISBN 978-1-57467-070-7 Barry Millington (1992). "The Music: Operas". In Barry Millington (ed.). The Wagner Compendium. London: Thames and Hudson. ISBN 978-0-50028-274-8. Roger Scruton (2016). The Ring of Truth: The Wisdom of Wagner's Ring of the Nibelung. London: Penguin Books. ISBN 978-0-141-98072-0.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siegfried (opera)» frå , den 5. juni 2022.

Bakgrunnsstoff

Partituret til Siegfried (tysk og engelsk)

Kategori:Operaer frå 1800-talet Kategori:Tyskspråklege operaer Kategori:Operaer av Richard Wagner Kategori:Skipingar i 1876