Gyda Kathrine Voss ()Graver på Vestre Gravlund var ein norsk målar frå Oslo. Ho måla portrett, figurar og ein del landskapsmåleri.

Ho var dotter av skulemannen Peter Christiansen Voss og Elisabeth Marie Magelsen. Frå 1894 til 1896 var ho elev ved Kunstakademiet i København. Ho studerte også i Italia og i Paris. Verk ho laga i ungdommen var gjerne mørkvorne og naturalistiske. I seinare arbeid var stilen meir impressiv og lysar, med ei mindre presis form.

Ho deltok på Haustutstillinga i ulike år frå 1899 til 1951. Ved Haustutstillinga i 1913 hadde ho to bilde: Ung fransk pike og Gammel kone.

Gyda Voss er representert i Nasjonalgalleriet med to måleri, Italienerbarn og Gammel kone. Eit portrett ho måla av far sin i 1901 heng i Oslo Bymuseum.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gyda Voss» frå , den 6. juni 2022. oppgav desse kjeldene: Hvem da?. Artikkel i Aftenposten 27. november 2012 side 53

Kategori:Norske målarar Kategori:Målarar frå 1900-talet Kategori:Kunstnarar frå Oslo