mini|Svensk familie ca. 1937 Svenskar er personar av svensk nasjonalitet eller avstamming. I tillegg til å visa til svenske statsborgarar kan omgrepet òg visa til personar som, til dømes gjennom morsmål, kultur, tradisjonar eller familieband reknar seg som svenske.
Majoritetsbefolkninga i Sverige har tradisjonelt blitt kategoriserte som etniske svensk, som har blitt omtalt som ei skandinavisk folkegruppe av germansk opphav. Gjennom historia har ho også blitt påverka av migrasjonsstraumar og språklege og kulturelle trekk frå andre folkeslag.
Ordsoge Omgrepet «svenskar» som nemning for eit folk var ei vidareutvikling av folkenamnet svear, der ordet svensk var adjektivforma.
Sveane (svioner) blei nemnde av Tacitus i verket Germania som blei skrive kring år 98. Namnet Svearike (Swēorice) og svitjod ('sveafolket') opptrer fyrste gong i det angelsaksiske Beowulfkvadet i eit handskrift frå 1000-talet.Beowulf, första delen, vers 2380 Namna viste i vikingtida og størstedelen av mellomalderen berre til innbyggjarar i Mälarlandskapet, og statsdanninga deira, opphavleg styrt frå Gamle Uppsala. Andre innbyggjarar i dåtidas Sverige, som götar og gutar, var ikkje omfatta i omgrepet «svensk». I avsnittet om mannebøter i den eldre västgötalagen frå cirka 1220 blir det såleis gjort skilnad mellom svensk, västgötar og smålänningar: «Dræpær maþær svænskan mann...».
I den første svenske historieboka, Erikskrönikan som blei skriven på 1320-talet, står ikkje omgrepet svensk (derimot blir Mälarlandskapet nemnt som Swidhido). Det er først i rimkrønikene frå 1400-talet, som hadde ein sterk propagandistisk bodskap retta mot unionkongar, futar og utlendingar generelt, at omgrepet «svensk» for fyrste gong blir nytta som fellesnamn for alle nordisktalande folkegrupper i landet Sverige og i eldre litteratur som eit folk sett saman av tre folkestammar: svear, götar og gutar. I mellomalderkjelder nytta ein elles omgrepet «inländska menn» i samanhengar der ein kunne venta seg å lesa «svensk».
Omgrepet svensk har såleis blitt utvida gjennom historia frå å opphavleg berre omfatta sveane til å bli eit fellesomgrep for alle norrøne folkestammar som var blitt innlemma i Sveariket, frå götar og gutar, til smålänningar og hälsingar, og til slutt òg folk som tidlegare hadde høyrd til Danmark og Noreg som skåningar, jämtar osb.
Opphavet til befolkninga
Førhistorisk tid Genetisk forsking har gjeve kunnskap om migrasjonsstraumar frå ulike stader til det området som i dag er Sverige, og om korleis desse har gitt opphav til ei genetisk blanding blant dagens svenskar. I førhistorisk tid kom det tre store innvandringsbølgjer til Europa frå andre område, og som med tida òg kom at folka det som skulle bli Sverige: (1) Jeger-samlarar, (2) dei første steinalderbøndene frå Vesleasia, og dessutan (3) indo-europeiske steppegjetarar rett før bronsealderen.Karin Bojs (2015), Min europeiska familj: De senaste 54 000 åren. Deretter har ingen store migrasjonar skjedd til Europa ifrå andre kontinent fram til moderne tid.Karin Bojs, Mannen med yxan kom hit med en helt ny tid, Dagens nyheter 2015-06-13 Blant dagens svenske etterkomarar går 78 prosent av farslinjene til mennene tilbake til den indoeuropeiske innvandringa kring bronsealderen. Ein har funne få farslinjer frå tidlegare innvandringsbølgjer. Morslinjene til befolkninga er meir blanda frå dei tre innvandringsbølgjene. Kampøkskulturen som kom til Skandinavia kring 2900 f.Kr. blir gjerne sett på som opphav til dei protogermanske kulturane, og den germanske populasjon har sidan vore i stort sett stabil i Skandinavia.Aubin, Hermann. "History of Europe: Barbarian migrations and invasions The Germans and Huns". Encyclopædia Britannica Online. Hämtad 13 Juli 2018.Waldman, Carl; Mason, Catherine (2006). pp. 830–831. Encyclopedia of European Peoples. Infobase Publishing. . Kampøkskulturen blir meint å ha delvis smelta saman med den eldre gropkeramiske kulturen og gitt opphav til den nordiske bronsealderkulturen som i sin tur blir sett på som opphavet til dei germanske kulturane.Schmidt, Karl Horst (1991). "The Celts and the Ethnogenesis of the Germanic People". Historische Sprachforschung. Vandenhoeck & Ruprecht. 104 (1): 129–152. JSTOR 40849016Sørensen, Marie Louise Stig. "History of Europe: The Bronze Age". Encyclopædia Britannica Online. Hämtad 13 Juli 2018.
Svenskar dukkar fyrst opp i nedskriven historie i Tacitus sitt verk Germania frå år 98. Eit av dei germanske folka Tacitus skildrar er eit folk han kallar suiones, som allment blir rekna som sveane. Desse blir omtalte som å skilja seg ut for flåtane sine, som har skip med har «ein baug i kvar ende». Denne skildringa meiner ein stemmer med det ein veit om skipsbygging i Skandinavia på denne tida.Noreen, A. Nordens äldsta folk- och ortnamn (i Fornvännen 1920 sid 32).Hellquist, Elof. 1922. Svensk etymologisk ordbok. Svear
Klimaendringa i 535–536 blir trudd å ha hatt stor påverknad på kulturen i Skandinavia. Ein reknar med at så mange som halvparten av befolkninga i Skandinavia kan ha døydd. Som ei følgje blei kulturen meir militarisert under den påfølgjande venedeltida.Ström, Folke: Nordisk Hedendom, Studentlitteratur, Lund 2005, Eriksson, Benny (9 maj 2016). "Mytisk extremvinter visade sig stämma". SVT. Hämtad 9 augusti 2021.
Vendeltida og vikingtida På vendeltida vart det nære relasjonar med den angelsaksiske kulturen i dagens England. På denne tida blei det bygt storslagne gravhaugar der ein har funne rike gravgåver som tyder på ei framveksande kongsmakt som kom til å starta riksdanninga.Bruce-Mitford, Rupert (1974). Aspects of Anglo-Saxon Archaeology: Sutton Hoo and Other Discoveries. London: Victor Gollancz. På 700-talet så byrja svear ifrå Roslagen å dra på vikingaekspedisjonar i austerled mot Kurland, Estland og Finland. Desse roselovvikingane kom til å gje oppheva til dei finske (Ruotsi), estiske (Rootsi) og nordsamiskae (Ruoŧŧa) namna på Sverige. Svear etablerte handelsplassar ved Staraja Ladoga og Novgorod, og blei ein viktig del av riksbygginga til Kyiviket. Slavarane sitt namn på sveane, russ´, kom seinare til å bli namnet på alle dei ulike slavarfolka som kom til å bli del av Kyivriket. På same måte kom sveane til å gje namn til dei samla nordisktalande folka som kom til å bli del av den politiske eininga deira.Wladyslaw Duczko (1 January 2004). Viking Rus: Studies on the Presence of Scandinavians in Eastern Europe. BRILL. pp. 67–70.Blöndal, Sigfús (2007-04-16). The Varangians of Byzantium. Cambridge University Press. p. 1-6. Ved slutten av 800-talet var det som dei tidlege mellomalderske krønikene kalla svearveldet kome til å også omfatta Gotland, Möre, Öland og Blekinge.Hakluyt, Richard (1893). Morley, Henry (ed.). The Discovery of Muscovy. From the Collections of Richard Hakluyt. With the Voyages of Ohthere and Wulfstan from King Alfred’s Orosius. Cassell & Company, Ltd.
Seinast ved slutten av 1000-talet omfatta området også Hälsingland, Götaland och Värmland. Adam av Bremen talar om befolkninga som sueonum populi ('sveoniske folk' eller 'svenske folk' alt etter omsetjing).Frängsmyr Tore, red (1996). Norrländsk uppslagsbok: ett uppslagsverk på vetenskaplig grund om den norrländska regionen. Bd 4, [Regio-Övre]. Umeå: Norrlands univ.-förl. sid. 136. Libris 1610874. Ved byrjinga av 1100-talet var den førkristne religionen som seinare er blitt kjend som åsatru blitt fortrengd av kristendommen. På 1100- og 1200-talet erobra Sverige dei austlege områda Finland (Egentliga Finland), Tavastland og Karelen). Dette førte til stor innvandring av nordisktalande kolonisatorar som danna grunnlaget for den svensktalande befolkninga i Finland, finlandssvenskar. Sveane som 300 år tidlegare hadde busett seg blant austslavarane hadde sjøl blitt slavifiserte og assimilerte inn i den nye etniske identiteten der, men hadde tidlegare hatt venlege relasjonar til opphavslandet, der giftarmål mellom aust og vest hadde halde slektskapen i live. Men då bufferen som dei finske folka hadde utgjort forsvann tok dei gode relasjonane slutt, og republikken Novgorod og seinare Tsar-Russland blei bitre rivalar av Sverige.Bagge, Sverre (2005) "The Scandinavian Kingdoms". In The New Cambridge Medieval History. Eds. Rosamond McKitterick et al. Cambridge University Press, 2005. , p. 724 Fram til 1200-talet hadde ein hatt eit felles språk i Skandinavia, fyrst urnordisk og sidan norrønt. Etter år 1000 hadde språket byrja å brytast opp i ein vestleg og ein austleg dialekt. På 1200-talet hadde den austnordiske dialekten byrja å gå over til klassisk gammalsvensk, og på 1300-talet gjekk det over til yngre gammalsvensk.Fortescue, Michael D. Historical linguistics 2003: selected papers from the 16th International Conference on Historical Linguistics, Copenhagen, 11–15 August 2003. John Benjamins Publishing Company 2005. p. 258.
Arbeidskraftinnvandring og flyktingmottaking På 1400- og 1500-talet slo tyske kjøpmenn og handverkarar seg ned, for det meste i byane, men også i Bergslagen. Mindre grupper av vallonarar migrerte til Sverige på 1600-talet. Hollendarar, engelskmenn og skottar innvandra som kjøpmenn og industrifolk på 1600-talet.
Frå slutten av 1940-talet og fram till midten av 1970-talet fann det stad ei omfattande arbeidsinnvandring som svar på ein direkte etterspurnad frå svensk industri. Innvandringa frå Finland kom til å utgjera den største arbeidsinnvandringa til Sverige gjennom tidene. Det blei også rekruttert arbeidskraft i Italia, Ungarn og Austerrike. På 1950-talet fokuserte ein på rekruttering frå Vest-Tyskland, Nederland, Belgia og Hellas. På 1960-talet var den ikkje-nordiske innvandringa dominert av folk frå Jugoslavia. Arbeidsinnvandringa i etterkrigstida var likevel i fyrste grad eit nordisk fenomen.
Frå 1980-talet kom innvandringa til å bli prega av familie- og flyktningsinnvandring. Flyktingbølgja frå Balkan til Sverige nådde ein topp i 1992 under Jugoslaviakrigane. Flyktinginnvandringa fortsette deretter med større grupper frå Afghanistan, Syria, Irak og Somalia.
Utviklinga av ein svensk nasjonal identitet Like før og under eldre mellomalder var landskapa i Mälardalen og rundt Vättern som regel samla under same konge, men Sverige blir ikkje rekna som ei stabil statsdanning av dagens svenske historikarar før på 1200-talet. Sverige i eldre mellomalder bestod av fleire laust samanhengande område, som i løpet av 1000-talet hadde utvikla ein felles militær organisasjon (leidang) etter dansk mønster. Sverige under Kalmarunionen (1389-1523) hadde ingen eigen utanrikespolitikk eller regent, men det dåvarande Sverige hadde likevel sitt eige lovverk. Den svenske nasjonalstaten blir rekna for å ha blitt skipa etter unionsoppløysinga år 1523, og Gustaf Vasa blir rekna som nasjonsfader.Per Höjeberg, "Svensk identitet och nationalism i ett historiskt perspektiv", SO-rummet, 2015-09-02, version från 2018-01-13 mini|288x288pk|Skandinavismen lav vekt på "dei skandinaviske brorfolka". mini|268x268pk|Nasjonalromantikken, til dømes kunsten til Anders Zorn, idealiserte bondesamfunn og heimbygd.